Hopp til innhold
X
Innhald

Skipsbyggeriet i Kvamsøy

Slippen til Vinsentz låg på fastlandet til venstre for Kvamsøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slippen til Vinsentz låg på fastlandet til venstre for Kvamsøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Under 1. verdskrig hadde Styrk Vinsentz frå Fana store planar om skipsbyggeri i Kvamsøy. Han kjøpte sjøtomt på Engum og rigga til slipp, der han strekte kjølen og reiste spanta for eit skip som eit reiarlag i Trondheim hadde tinga.

Skipet var av tre, og like stort som dampskipa til Fylkesbaatane. Skogeigarane i bygda leverte mykje grovt tømmer til dette byggeprosjektet. Men reiarlaget gjekk konkurs, og det halvferdige skipet vart selt til to karar i Vik, som brukte materialane til husbygging, m.a. til Breilid sitt forretningsbygg på Vikøyri.

Dette huset på vikøyri - tidlegare Bendik Breilids landhandel - er delvis bygt av materialar frå det halvferdige skipet frå Kvamsøy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette huset på vikøyri - tidlegare Bendik Breilids landhandel - er delvis bygt av materialar frå det halvferdige skipet frå Kvamsøy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.07.2011