Hopp til innhold
X
Innhald

Skred i Lånefjorden og Nessane

Garden Lønne i Lånefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Lønne i Lånefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Lønne lever segna etter «Storeskaden» då eit uhorveleg stort steinskred dekte store delar av garden og demde elva i Lånefjorden slik at den tok nytt far. Ein veit ikkje kva tid dette skredet gjekk.

Også på gardane Koldingsnes og Brekke i Lånefjorden har skred gjort stor skade. M.a. vert det fortalt at mykje av jorda på Brekke vart øydelagt av fjellskred hausten 1765 og våren 1766. Både løa og naustet vart øydelagde. Under garden Bolstad i Lånefjorden bygde ein kar frå Målsnes ein husmannsplass i Tråna. Men fonnvinden frå dei årvisse Mjøllesnos-skredene var så sterk at den heldt på å kjøve plassfolket og blåse bort husa. Dei valde difor å flytte inn att til Målsnes.

I 1780 demde eit stein- og jordskred opp elva i Styggjegjelet i fjella over Nessane. Då den losna, gjorde flaumen stor skade på jorda på Indre Nesse. Ei husmannskone som budde ved elvemunningen, fekk beskjed om å evakuere, men nekta. Flaumen braut stova hennar på fjorden, og kona omkom. I 1895 gjorde to jordskred store skadar på jordvegen på ein gard på Bolstad i Lånefjorden, og det same hende på nytt i 1942.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011