Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Balestrand

Frå Sværefjord skule i 1958. Frå venstre: Harald Thorsnes, Svein Grønlund, Oddvar Menes, Egil Sværen, lærar Marit Kvam Bøyum, Oddrun Thorsnes, Knut Thorsnes, Annlaug Sværen og Turi Thorsnes. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Frå Sværefjord skule i 1958. Frå venstre: Harald Thorsnes, Svein Grønlund, Oddvar Menes, Egil Sværen, lærar Marit Kvam Bøyum, Oddrun Thorsnes, Knut Thorsnes, Annlaug Sværen og Turi Thorsnes. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Seminaret, eller lærarskulen i Balestrand kom i gang i 1863 og var den første ”høgare” utdanninga i Sogn og Fjordane. Lærarskulen kom til å spele ei sentral rolle i skuleverket i fylket i dei viktige åra i siste halvdelen av 1800-talet då dei fleste fastskulane vart skipa. Dei fleste ”seminaristane” som fekk lærarutdanninga si i Balestrand vart lærarar kringom i Sogn og Fjordane. Balestrand har og vore eit viktig skulesenter med eigen statsrealskule, folkehøgskule og gymnas.

Den første skuleordninga i Balestrand

I 1739 kom den første lova om skulestellet. Den kravde skule i kvart kyrkjesokn.

Folkebibliotek i 1821

prost Niels Normann 1821 fekk i gang det første folkebiblioteket i Leikanger prestegjeld, som Balestrand då tilhøyrde.

Fastskulen i Balestrand

Etter kampvotering mellom Holmen og Tjugum, valde kommunestyret Tjugum som stad for den første fastskulen.

Undervisningsmålet i Balestrand

I 1907 vedtok skulestyret å innføre nynorsk som undervisningsmål.

Lærarskulestudentar i Balestrand skuleåret 1866/1867.

Lærarskulestudentar i Balestrand skuleåret 1866/1867.

Lærarskulen i Balestrand

Lærarkursa (seminara) i Balestrand varde 1 1/2 år. Forutan undervisning i rekning og skriving, religion, historie, geografi og song, var det også lagt inn undervisning i kroppsøving og handarbeid.

Hushaldningsskule i Balestrand

I åra mellom 1881 og 1885 dreiv Barbra og Lorentze Landmark ein «hushaldningsskule» i Balestrand.

Millomskuleelevar i Balestrand i 1934. © Fylkesarkivet.

Millomskuleelevar i Balestrand i 1934. © Fylkesarkivet.

Balestrand to-årige framhalds- og millomskule og Balestrand statsrealskule

vart skipa i 1925, med Oddmund Bøyum (1893-1948) frå Fjærland som styrar. Det hadde vore drive framhaldsskule i kommunen sidan hundreårsskiftet.

Sogn Ungdomsskule

Etter at det i mange år hadde vorte arbeidd for å få skipa ein kristeleg ungdomsskule i Sogn, kjøpte skulenemnda den gamle Futegarden Askelund i Balestrand i 1935.

Sygna Gymnas

Ufredstid og problem med å reise gjorde at det under 2. verdskrig vart starta gymnasundervisning i fleire bygder i fylket, m.a. i Balestrand frå 1942.

Ni-årig skule i Balestrand

I 1968 godtok departementet at Balestrand fekk eigen ungdomsskule.

Ny skule på Nessane

Nessane fekk ny skule i 1969. I 2001 vart skulen utvida m.a. med kombinert gymnastikksal og grendahus, og ei miniatyrskytebane. Men i 2015 vedtok Balestrand kommunestyre å legge ned skulen frå og med skuleåret 2015/2016.

Fjordtun oppvekstsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordtun oppvekstsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordtun oppvekstsenter

(skule og barnehage) på Torsnes vart bygd i 1971. Samstundes vart barneskulane i Farnes og på Meland i Vetlefjorden lagde ned. Eigedomen i Vetlefjorden vart overdregen til Vetlefjorden Idrettslag, og her bygde også Sogn og Fjordane Energiverk grendahus for bygda i samband med kraftutbygginga i Vetlefjorden på 1980-talet. SFE bygde også lysløype. Men i 2015 vedtok Balestrand kommunestyre å legge ned skulen frå og med skuleåret 2015/2016.

Granlia Heim og Skule

Granlia var distriktsheim for 40 utviklingshemma frå heile fylket.

Sygna vidaregåande skule

Starta av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1981 og har kring 190 elevar frå heile landet.

Leirskuleelevar med ein sjeldan fangst i Sognefjorden, ein st. peterfisk. Foto: Bjørn Skanke Sande.

Leirskuleelevar med ein sjeldan fangst i Sognefjorden, ein st. peterfisk. Foto: Bjørn Skanke Sande.

Kringsjå Leirskule

I 1980 starta ekteparet Bjørn Skanke Sande og Solveig Berstad Sande leirskule i Kringsjå Hotell (sjå Villa Kringsjå). Samstundes kjøpte dei ei Colin Archer-skøyte til leirskulen og driv m.a. undervisning om livet i Sognefjorden. Dette la grunnlaget for at dei i 1994 bygde Sognefjord Akvarium i Balestrand sentrum, der det også er bygd stor bryggje ikring. Akvariet har 23 kummar med kring 50-60 fiskeartar frå Sognefjorden.

Elevane på Kringsjå Leirskule får eit nærare tilhøve til fjorden og livet under vassflata. Foto: Bjørn Skanke Sande.

Elevane på Kringsjå Leirskule får eit nærare tilhøve til fjorden og livet under vassflata. Foto: Bjørn Skanke Sande.

Kommunale grunnskular i 2002:

  • Sagatun skule, Balestrand (1.-10. klasser) 196 elevar
  • Fjordtun Oppvekstsenter, Torsnes (1.-7. klasse) 15 elevar
  • Nesse skule (1.-7. klasse) 23 elevar

Kreklingen, der vi finn stadion, Sagatun skule og idrettshallen Belehalli (øvst). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kreklingen, der vi finn stadion, Sagatun skule og idrettshallen Belehalli (øvst). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015