Hopp til innhold
X
Innhald

Slagbjørnen drap folk

Garden Bruhjell. Ei jente frå denne garden måtte spreinge for livet då ho fekk ein slagbjørn etter seg. © Fylkesarkivet.

Garden Bruhjell. Ei jente frå denne garden måtte spreinge for livet då ho fekk ein slagbjørn etter seg. © Fylkesarkivet.

I 1881 herja ein slagbjørn i fjella ved Balestrand. Den vart sidan kalla «Styggebjørnen». Aksel Øyri var den første som kom ut for bjørnen. Den gjekk til åtak og skada Aksel stygt. Det vart jakta på den, og Mons Hagen skamskaut bjørnen.

Angreip ungar

Nokre dagar seinare vart fire born som var på veg til støls frå garden Bruhjell angripne av bjørnen. Han sette etter ei 13 år gamal jente, men var så skada at han ikkje nådde henne att.

Bjørnejeger døydde

Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils J. Røysum frå Leikanger vart beden om å hjelpe, og saman med hund og karar frå bygda sette Nils til fjells. Hunden fann den skadde bjørnen, som sette unna ned etter lia. Den vart skadd av fleire skot, men stakk seg bort. Karane sette etter, fann den att, og gav den fleire skot slik at bjørnen til slutt drog seg fram berre på framlabbane. Slik gøymde den seg i eit kratt, og Nils Røysum og Torleif Dale gjekk innpå for å støkke bjørnen ut.

Då rusa bjørnen brått imot dei. Nils skaut den i brystet før han hoppa unna, medan Torleif fekk bjørnen over seg. Kant i kant rulla mann og bjørn ned etter ufsene. Nils torde ikkje skyte, for mann og bjørn låg i ei einaste elte. Men då bjørnen låg ørlite i ro, fekk Nils Røysum inn eit dødeleg skot, og bjørnen for kast i kast ned etter berget.

Også Torleif ramla utfor ein liten skrent. Då Nils kom ned, var Torleif framleis i live, men han døydde etter nokre minuttar.

Kule i brystet

Då Torleif Dale vart obdusert, viste det seg at ei geværkule hadde råka han i brystet, men ut frå omstenda var det ingen som ville laste bjørneskyttaren Nils Røysum for det som hende.

Bjørnejakt i Halsali

Same året vart det elles skote to bjørnar i Halsali i Esedalen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018