Hopp til innhold
X
Innhald

Slåtte- og vedateigar langs Fjærlandsfjorden

Både høy, ved og som her lauv, vart henta til gards i båt. © Fylkesarkivet.

Både høy, ved og som her lauv, vart henta til gards i båt. © Fylkesarkivet.

I gamal tid kvidde ein seg ikkje på avstandar for å sanke vinterfôr til buskapen. Bygdebøkene fortel at fleire gardar så langt unna som i Kvamsøy hadde utslåtter i dei bratte liene langs Fjærlandsfjorden.

Heim til gards kunne det såleis verte eit par mil å ro med høyet. Ein «storebåt» som vart brukt til slik høytransport i Balestrand, finst i dag på Sogn Folkemuseum. På garden Skåsheim var det også eit bruk som sikra seg støl og slåtteteigar heilt inne i Fjærland.

Slåtteteig 600 m.o.h.

Folk klora over alt for å sanke gras i små utslåtter: I Skrenesholten ved Esefjorden låg ein slik slåtteteig over 600 meter over havet. Høyet vart send ned på løypestreng. Folket hadde bygd seg ei steinmura hytte som dei overnatta i medan dei slo i Skrenesholten.

Milevis frå Leikanger

I gamle dagar kunne også fjordfolket i Leikanger ofte dra milevis av garde for å sanke høy og lauvris til krøtera. Såleis hadde gardane på ytre Hamre på Leikanger store slåtteteigar på Ramsnes langt inne i Fjærlandsfjorden. I tillegg til Hamregardane hadde elles både prestegarden og fleire gardar på Systrond slåtteteigar langs Fjærlandsfjorden.

Stal høyet

Kampen om turrhøyet kunne ta så mange vegar. Då folk på Skåsheim ein gong i 1870 skulle hente turrhøyet frå ei utløe langt til fjells, var alt høyet borte. Einkvan hadde nytta skareføret om vinteren til å stele høyet frå løa utan at dei sette spor etter seg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011