Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Ungdomsskule

Skulebygningane på Askelund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulebygningane på Askelund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etter at det i mange år hadde vorte arbeidd for å få skipa ein kristeleg ungdomsskule i Sogn, kjøpte skulenemnda den gamle Futegarden Askelund i Balestrand i 1935.

Skulen starta i 1936 med Reidar Åvik som første styrar. Seinare er det bygd tre ulike skulebygg like ved den freda futegarden. Desse husa m.a. elevinternat, gymnastikksal og sløydrom. Skulen hadde opp til 60 elevar.

Søknaden til skulen gjekk sterkt ned på 1980-talet og vart lagt ned i 1987. Bygningane vart i mange år nytta som asylmottak.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.07.2011