Hopp til innhold
X
Innhald

Sogningen

Avisa «Sogningen» vart starta i Vik i 1897 etter opptak frå Ole S. Kvamme. Første redaktøren var boktrykkar Rasmus Thorsen. Han hadde tidlegare vore redaktør i bladet «Nordfjord» (sjå Aviser og media i Gloppen).

1911-1912 var Dankert Skagen redaktør (sjå også »Sognefjord« under » Aviser og media i Vik"), 1912-1913 P. Stensaker, og 1913-1925 Thormod Liljedahl.

Flytta til Balestrand

I 1925 vart bladet flytta til Balestrand, der Richard Christoffer Schelderup Knoff vart redaktør. Han kom til Balestrand i 1918 som vassdragsingeniør, vart tilsett i avisa som då kom ut i Vik i 1924, og flytta året etter redaksjonen til Balestrand. Han kjøpte seinare bladet, men overlet redaktørkrakken til sonen Richard Knoff (fødd 1911) som dreiv avisa til 1942. Resten av krigen kom ikkje avisa ut, men Knoff senior dreiv avisa frå Balestrand fram til 1948, då aksjelaget «Sogningen» tok over drifta.

Frå 40-årsjubiléet til Sogningen i 1937. Framme frå v: Hans J. Bale, Richard Knoff og Sigvald A. Sjøtun. Bak frå v: Richard R. Knoff, Anton A. Sjøtun og Bjarne A. Sjøtun. Foto: Ingeborg Knoff. © Fylkesarkivet.

Frå 40-årsjubiléet til Sogningen i 1937. Framme frå v: Hans J. Bale, Richard Knoff og Sigvald A. Sjøtun. Bak frå v: Richard R. Knoff, Anton A. Sjøtun og Bjarne A. Sjøtun. Foto: Ingeborg Knoff. © Fylkesarkivet.

Avisa til Vik

Richard Knoff jr. flytta til Høyanger, der han opna bokhandel. I 1951 vart avisa flytta tilbake til Vik. Huset i Balestrand vart då rive og flytta til Vik. Frå 1951 var Thormod Liljedahl på nytt redaktør, og deretter kom lektor og realskulelærar Halvdan Brekke fram til 1957.

Songingen hadde klare meiningar om m.a. tunnelar. Skribenten skulle berre ha visst kor mange tunnelar vi skulle få i Sogn og Fjordane etter kvart.

Songingen hadde klare meiningar om m.a. tunnelar. Skribenten skulle berre ha visst kor mange tunnelar vi skulle få i Sogn og Fjordane etter kvart.

Ny flytting

Då vart avisa kjøpt av trykkerieigar Ingvald Husabø og flytta til Leikanger. Husabø kjøpte også forlagsretten til Sogns Avis og slo dei to avisene saman under tittel Sogningen/Sogns Avis (SSA). Denne avisa vart i 1992 slegen saman med «Sogn og Fjordane» til Sogn Avis.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2011