Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande

Den tidlegare sorenskrivargarden på Sande var gamleheim frå 1920 til 1977. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare sorenskrivargarden på Sande var gamleheim frå 1920 til 1977. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eit par kilometer vest for Balestrand sentrum ligg garden Sande. Dei mest kjende landemerka på garden er kunstmålar Dahls villa ved fjorden (sjå Villa Strandheim) og Villa Lorna. Men eit stykke opp frå strandvegen ligg eit stort, kvitmåla hus som var hovudhuset på garden Sande, seinare omgjort til Balestrand gamleheim 1920-1977.

Sande var på 1600 talet eigd av futen i Sogn saman med Skåsheim (sjå artikkel Målsnes og Skåsheim som futegardar). Etter at futen flytta til Flesje (sjå Fute- og offisersgarden Flesje), budde det m.a. ei rik presteenkje på garden.

Teken av ras

I 1745 fekk sorenskrivar Bramdrup hand om garden og busette seg der. Segna seier at husa på garden vart tekne av ei stor skrede - truleg på 1740-talet - og at dørhella framleis skal liggje i marbakken i fjorden nedanfor. Sorenskrivaren dreiv m.a. støl i Langedalen, der stølen framleis heiter Skrivarstølen.

Sorenskrivar Bramdrup døydde i 1761, og då enkja døydde i 1785, vart garden delt på to døtre, som framleis budde i hovudhuset medan jorda vart leigd bort. Ei av dei gifta seg med kaptein Jakob Gerhard Meidell jr. på Flesje og flytta dit.

Ein soneson som også heitte Jacob Meidell (1825-1884) busette seg på Sande i 1850-åra, og bygde ut bruket til eit mønsterbruk. Han bygde m.a. eit staseleg hovudhus i 1855 som er ein del av bygningen som står i dag. Lenge før dette vart vanleg, bygde han også gjødselkjellar under ein ny driftsbygning.

Då Jacob Meidell døydde, vart Sande delt i 7 bruk, og kring 1900 vart det bygd fleire store praktvillaer ved stranda. Dei mest kjende var Villa Lorna og Villa Strandheim.

Aschroft frå Vadheim budde i Sande

Frå 1907 til 1917 leigde den skotske ingeniøren og grunnleggjaren av Vadheim Elektrochemiske Fabrikker, Edgar A. Aschroft (sjå Kjende personar i Høyanger fødde år 1850-1900) det store hovudhuset på garden. Her heldt dei tenarar - m.a. hundepassar og stallmeister.

Det vert fortalt at kjemiingeniøren Ashcroft hadde laboratorium i eit hus på Sande-garden. Han hadde eigen motorbåt som skyssa han til og frå Vadheim.

Hovudhuset blir gamleheim

I 1918 kjøpte ei gamleheimsnemnd huset, og Balestrand Gamleheim vart opna der i 1920. Drifta vart m.a. finansiert med basarar og andre innsamlingar fram til 1970, då kommunen kom sterkt inn i drifta.

Kommunen overtok eigedomen vederlagsfritt i 1977 då kommunen bygde Helsetunet og tok over alle kostnader med drifta. Dessutan bygde kommunen nokre verna bustader, selde den gamle bygningen og resten av jorda til privatpersonar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011