Hopp til innhold
X
Innhald

Steinbrotet i Lindane

Frå avdukinga av minnesteinen over slaget på Fimreite. Steinen kjem frå steinbrotet på Lindane.

Frå avdukinga av minnesteinen over slaget på Fimreite. Steinen kjem frå steinbrotet på Lindane.

Vestlandske Steinindustri starta i 1915 steinbrot i Lindane i Kvamsøy. Då drifta gjekk som best, arbeidde det mellom 20 og 30 mann i steinbrotet.

Heilt frå 1870-talet har ein brote av den raudlege granitten som byggjemateriale. To kjende monument i fylket, minnestøtta for Fylkesbaat-skiparane som står i Holmen i Balestrand, og minnesteinen for «Slaget ved Fimreite», som kong Olav V avduka i Norane i 1984, er henta frå Lindane.

På 1990-talet tok Øystein Menes frå Førde med sitt firma Sunnfjord Bygg opp att drifta i steinbrotet, men satsinga vart mislukka, og Sunnfjord Bygg gjekk konkurs i 2002. Drifta i Lindane vart då ført vidare av Jarle Midttun.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.07.2011