Hopp til innhold
X
Innhald

Sygna Gymnas

Hotel Balestrand på prospektkort frå ca. 1900. © Fylkesarkivet.

Hotel Balestrand på prospektkort frå ca. 1900. © Fylkesarkivet.

Ufredstid og problem med å reise gjorde at det under 2. verdskrig vart starta gymnasundervisning i fleire bygder i fylket, m.a. i Balestrand frå 1942.

Gymnaset heldt til i tidlegare Hotell Balestrand. Johan Andersen var styrar til 1945. Han var m.a. svært aktiv i det lokale motstandsarbeidet under krigen. Frå 1945 til gymnaset vart lagt ned i 1948 var Hjalmar Årskog styrar.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011