Hopp til innhold
X
Innhald

Sygna vidaregåande skule

Sygna vidaregåande skule har overteke det tidlegare statsrealskulebygget på Kreklingen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sygna vidaregåande skule har overteke det tidlegare statsrealskulebygget på Kreklingen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sygna vidaregåande skule vart starta av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1981 og har kring 190 elevar frå heile landet.

Skulen held til i Kreklingen, der skuleanlegget vart bygd ut frå 1981 til 1986. Her disponerer skulen m.a. åtte internatbygg med plass til 165 elevar, økonomibygg og 12 bygningar med 19 husvære for tilsette. Skulen har m.a. helse- og sosialline og barne- og ungdomsline.

Då Balestrand statsrealskule (sjå Balestrand to-årige framhalds- og millomskule) vart avvikla i 1975, arbeidde kommunen aktivt for å skaffe eit nytt vidaregåande skuletilbod i bygda. Slik var det at ein kom i kontakt med Norsk Luthersk Misjonssamband, som starta Sygna, og driv den etter Lov om privatskular.

Bustadene til Sygna vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bustadene til Sygna vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011