Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Balestrand

Strekking av telefonkabel ved Nystølvatnet på Gaularfjellet på 1930-talet. © Fylkesarkivet.

Strekking av telefonkabel ved Nystølvatnet på Gaularfjellet på 1930-talet. © Fylkesarkivet.

Balestrand kan takke turisttafikken for at dei fekk telegraf og telefon tidleg.

Tidleg telefonsamband til Balestrand

Den aukande turistferdsla med utanlandske gjestar som kravde samband til heimlandet, gjorde at Balestrand relativt tidleg fekk installert rikstelefon og «turisttelegraf». Telefonlina Lærdal-Amla-Sogndal-Leikanger-Balestrand vart bygd frå 1895 til 1897, då rikstelefonen i Holmen opna. Maria Sande var første telefonstyrar. Samstundes kom telegrafen. Heilt fram til 2. verdskrig vart telegrafen frå Balestrand berre operert i turisttida om sommaren, medan telefonen var heilårsbetjent. Balestrand vart automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1979.

Balestrand med turistskip rundt 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Balestrand med turistskip rundt 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UiB.

Kvamsøy

fekk rikstelefon i 1899. Kvamsøy-stasjonen vart automatisert og lagt under Balestrand i 1962, og knytt til fjernvalnettet samstundes med Balestrand i 1979.

Vetlefjorden og Sværefjorden

fekk rikstelefon i 1902. Vetlefjorden stasjon brann i 1903, men vart erstatta med ny året etter. I 1902 vart det også telefonsamband over Gaularfjellet til Sunnfjord. Vetlefjorden og Sværefjorden var automatiserte i 1971 og knytte til fjernvalnettet i 1979.

Utsyn mot Vetlefjorden og Sværefjorden (bak nesettil venstre) frå Dragsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsyn mot Vetlefjorden og Sværefjorden (bak nesettil venstre) frå Dragsvik. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lindane

fekk rikstelefon i 1922 med Olav Linde som styrar. Då det i 1922 braut ut smittsam sjukdom i huset til Linde vart alt utstyr på stasjonen skifta ut.

Nessane

og Ytre Kvamsøy fekk rikstelefon i 1922. Stasjonen vart automatisert i 1976 og knytt til fjernvalnettet i 1979.

Lånefjorden

fekk rikstelefon i 1924. Stasjonen vart lagd ned og abonnentane overført til Nessane i 1979.

Lønne i Lånefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lønne i Lånefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011