Hopp til innhold
X
Innhald

Terboven-festen på Kvikne's

Resten av krigen slapp hotellet større plager med okkupasjonsmakta, men reiserestriksjonar og tidsvis stenging av Sognefjorden gjorde det vanskeleg for ferierande å reise til «fredelege Balestrand».

Plastleiker

I september 1944 kom sjølvaste Reichskommissar Josef Terboven og politisjefen Wilhelm Rediess til Balestrand saman med ei stor gruppe Gestapo-sjefar for å halde fest på hotellet. Dei kom frå Bergen i ein tysk destroyar, og hadde ikkje sendt varsel på førehand. Nazistane hadde med seg store mengder drikkevarer og festmat, og det vart ein vill fest langt ut på morgonkvisten neste dag, med skrik og spetakkel og skyting i hotellhagen.

Plastleiker

Neste morgon reiste dei tilbake til Bergen med det tyske krigsskipet som dei kom med. Då fylgjet var reist, fann ein ei mengd plast-leiker strødd ut over badet på Terbovens rom - svaner, badefiskar og leikebåtar! - Her var det tydeleg at Hitlers fremste mann i Noreg hadde levd ut ei av sine obskure lyster!

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.11.2008