Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Fearnley til Balestrand

Thomas Fearnley var som snarast innom Balestrand i 1826, men kom tilbake i 1839 saman kunstnarvenene Andreas Achenbach (1815-1910) frå Tyskland og polske Cristian Breslauer (1792-1882).

På denne Sogne-ferda måla Fearnley m.a. det kjende biletet av «Slindebirken» (Slindebjørka), Beles gravhaug (sjå: Kong Bele og Balahaugen), og Tjugum kyrkje. Også dei to utanlandske gjestane måla fleire Sogne-motiv frå ferda.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011