Hopp til innhold
X
Innhald

Tidemand og Gude

Lunde i Balestrand av H. F. Gude. © Blomqvist Kunsthandel.

Lunde i Balestrand av H. F. Gude. © Blomqvist Kunsthandel.

H. F. Gude måla fleire motiv frå Balestrand, m.a. utsikta austover frå Flesje, «Kong Beles Gravhøi», frå Kvamsøy, Balestrand sett frå Vangsnes, og Esefjorden sett frå Lunde prestegard. Vi finn også ei mengd Balestrand-motiv på Oscarshall slott, der Gude fekk i oppdrag av kong Oscar II å utsmykke eindel av salane.

Ligferd på Sognefjorden av Tidemand og Gude. © Nasjonalgalleriet.

Ligferd på Sognefjorden av Tidemand og Gude. © Nasjonalgalleriet.

Eitt av hovudverka som Tidemand og Gude måla saman, «Ligferd på Sognefjorden», kan ha Sogne-landskapet sett austover frå Balestrand som utgangspunkt for motivet. På Kviknes Hotell heng måleri med Balestrand-motiv av H.F. Gude.

I 1849 tok Gude med seg eleven Bernt Lund (1812-1885), som m.a. måla motiv frå Vangsnes og Balestrand.

H. F. Gude måla fleire bilete med motiv frå Balestrand. Dette er mot Esefjorden frå Lunde. © Blomqvist Kunsthandel.

H. F. Gude måla fleire bilete med motiv frå Balestrand. Dette er mot Esefjorden frå Lunde. © Blomqvist Kunsthandel.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011