Hopp til innhold
X
Innhald

Tjugum kyrkje

Tjugum kyrkje bygd 1863. Arkitekt Christian Henrik Grosch (1801-1865). Byggmeister J. A. Øvsthus. Kyrkja har åttekanta skip. Altartavle frå 1890 av Christen Brun. To altarlysestakar i messing frå 1704, to altarlysestakar frå 1893. Kalk og disk frå 1676. Preikestol, og døypefont og anna utstyr frå byggjeåret eller seinare.

Kopi frå 1997 av altarfrontale (tavle) frå 1325 heng i kyrkja. Originalen er på Bergen Museum saman med epitafium frå 1672, fire portalar/dørpostar og to prosesjonsstavar. Brødøskje frå 1799 og kyrkjedør frå mellomalderen på Sogn Folkemuseum.

Tidlegare kyrkjer

På Tjugum har det tidlegare stått ei kyrkje frå ca. 1300 til 1610, og deretter ei kyrkje frå 1610 til dagens kyrkje vart bygd i 1863.

Tjugum kyrkje høyrde fram til 1849 til Leikanger prestegjeld, men hadde frå ca. 1760 hatt eigen kapellan, som budde på garden Lunde like ved kyrkja.

På prestegarden bygde kapellan Jakob Lindemann eit herskapeleg bustadhus i 1839, som vart ombygd i 1892 til forma det har i dag. Prost Harald Ulrik Sverdrup planta ein vakker hage med sjeldne vekstar på prestegarden. Kommunen forvaltar eit eige legat – Rendedals Legat – som kan nyttast til kyrkjeskyss for innbyggjarar i Vetlefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011