Hopp til innhold
X
Innhald

Truls Olson Bruhjell

Truls Olson Bruhjell bygde stampe og Mølle på Bruhjell kring 1880. Mølla var i drift fram til 1925, og vart brukt av folk heilt inne frå Eitorn og Vangsnes, og frå Kvamsøy.

Eigaren i 1925, Rognald Hagen, bygde også sagbruk og dreiv produksjon av frukt- og fiskekasser. Saga og andre bygningar vart øydelagde av ras i 1928 (sjå Ulukker og naturskader i Balestrand).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.03.2008