Hopp til innhold
X
Innhald

Turistrute og Fylkesbaatane-kai i Holmen

Etter strid mellom futen som budde i Balestrand, og sokneprest Harald Ulrik Sverdrup som budde på Tjugum, om plassering av Fylkesbaatane-kaia - anten på Tjugum eller i Holmen - så vann Holmen. Her var det bygd kai i 1850, og Holmen kom med frå første stund då Fylkesbaatane-rutene starta i 1858.

Landhandlar Johs. Danielsen vart ekspeditør (sjå Handel og gjestgjevarar på Tjugum og Holmen). Ei ferjekai er også ein del av hamneanlegget i Holmen.

Den første turistruta

Fylkesbaatane-rutene opna m.a. for at dei første turistane kunne reise på rundtur frå Bergen til Voss og Gudvangen, og derfrå til Balestrand før retur til Bergen. Denne rundturen vart særleg populær etter at jernbanen frå Bergen var bygd fram til Voss i 1883 (sjå også: Tannstangsbane Stalheim-Gudvangen).

Les også om turistskyss i Balestrand.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011