Hopp til innhold
X
Innhald

Turistskyss i Balestrand

Turistbåten ”Alda” i 1934. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Turistbåten ”Alda” i 1934. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ola Sæhl

skaffa seg kring 1900 ein dampbåt som vart nytta til rundturar på fjorden med turistar. Båten vart også nytta som preste- og legeskyss.

Halvdan Offerdal

dreiv i mellomkrigstida turistskyss med motorbåtar og den vesle dampbåten «Alda».

Kristen Bale

dreiv turistskyss i mellomkrigsåra med båten «Esefjord». Ein gong gjekk eit fly så lavt over båten at det kutta masta.

Kvikne's Hotel

fekk like etter 2. verdskrig bygd om ein tidlegare britisk marinebåt til passasjerbåt. Den vart nytta til frakt av turistar i Sognefjorden. Båten kunne ta 70 passasjerar.

Magne Mundal

kjøpte seg båt i 1973 for turistskyss som han dreiv fram til 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011