Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker og naturskader i Balestrand

To menneske omkom i mars 2011 då eit sørpeskred tok eit bustadhus i Tuftadalen. Huset stod nær elvekanten og vart sopt av grunnmuren då skreda kom. Foto: Odd Reksnes/Steinar Lote, NRK.

To menneske omkom i mars 2011 då eit sørpeskred tok eit bustadhus i Tuftadalen. Huset stod nær elvekanten og vart sopt av grunnmuren då skreda kom. Foto: Odd Reksnes/Steinar Lote, NRK.

I dette oversynet er det berre større og spesielle hendingar som er tekne med.

Naturskader og ulukker i Vetlefjorden

Fleire gardar i Vetlefjorden har gjennom tidene vorte hardt råka av snøskred og flaum. M.a. vart det gjort stor skade på gardane i bygda i 1659 og 1670.

Skred i Lånefjorden og Nessane

M.a. på garden Lønne lever segna etter «Storeskaden» då eit uhorveleg stort steinskred dekte store delar av garden og demde elva i Lånefjorden slik at den tok nytt far. Også seinare har skreda gjort stor skade.

Andre ulukker:

Ca. 1690

vart ein mann frå Nessane drepen av ein bjørn då han var på sauesanking.

1780

I 1780 drukna seks menneske frå Kvamsøy - to vaksne og fire ungdomar - då dei var på veg heim frå gudsteneste i Vik.

Ca. 1800

omkom brørne Nils og Hans Tjugum frå Tjugum i ei snøskrede. Omstenda omkring ulukka er ukjende.

1830

I 1830 drukna eit ektepar frå Ytre Nesse utanfor Veganeset då dei var på veg til eit bryllaup i Vetlefjorden.

Kring 1830

miste ein gut frå Kvamsøy livet då lynet slo ned medan han gjette kyr ved stølen Supphella.

Kring 1830

losna på sommarstid ein snøskavl i Soleiebakkane i Esefjella. I gjelet under gjekk heile buskapen til Anders og Gjertrud Ese og beitte. Alle dyra strauk med. Sidan har gjelet vorte kalla Skafonngjelet.

1833

I 1833 miste ein ung gut og ein mann frå Tennefoss i Nessedalen livet i eit snøskred i Nokken, og kring 1850 miste ein ung mann frå same grenda livet i snøskred i same fjellområdet.

1843

I 1843 var det så kaldt ein sommar at det snødde heilt til sjøs. Ei ung kvinne på Farnes arbeidde på stølen då dette hende. Ho gjekk utan sko, og måtte ta seg heim berrføtt gjennom djup snø. Av dette vart ho sjuk og døydde.

1885

I 1855 drukna to menn frå Skåsheim då dei rodde tilbake frå eit ærend i Kvamsøy. Bror til den eine av karane var postroar, og drukna i 1828 ved Systrond.

Kring 1855

tok Holtaskreda alle husa på ein husmannsplass på Dale i Sværefjorden. Alle på garden berga seg.

1865

I 1865 gjekk eit stort jord- og steinskred på Tue. Det gjorde stor skade på innmark og la etter seg store steinblokker. I 1928 vart mykje jord og skog øydelagt av eit isras i Tueelvi.

1871

I 1871 miste to kvinner på garden Bruhjell livet då fjøset og løa på garden vert tekne av eit snøskred. I 1928 gjekk det eit nytt ras på same garden. Det tok med seg ein gardfjøs og raserte ein eplehage.

1877

I 1877 vart fleire gardshus på Indre Farnes rivne bort av snøskred frå Holtagjelet. Eit stort skred på same staden nokre år tidlegare gjorde også stor skade.

1881

I 1881 vart ein mann frå Fjærestad drepen av bjørnen under jakt på slagbjørnen ved Bruhjell (sjå Slagbjørnen drap folk).

1882

I 1882 vart ei kvinne ført på fjorden av Kjenesskreda i Esebotn, men vart berga etter å ha drive rundt på vrakrestar ei stund. Ho sat og vov i stova då skreda kom.

1889

I 1889 omkom ein mann på Menes då han vart teken av eit snøskred.

1913

I 1913 miste ein 75 år gamal mann livet då eit stovehus på garden Meland i Vetlefjorden brann ned.

1921

I 1921 vart ein mann på Fjærestad drepen då han vart sparka av ein hest.

1925

I 1925 omkom ein 18 år gamal gut frå Sværefjorden då han gjekk i ei råk på fjordisen medan han skeisa på isen.

Snøskreda som tok driftsbygningar og buskap på Ese 9. februar 1928. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Snøskreda som tok driftsbygningar og buskap på Ese 9. februar 1928. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ulukkesdagane 8. og 9. februar 1928

Den 8.og 9. februar 1928 kravde to skred på Bruhjell vest for Balestrand i alt fem menneskeliv. Også på Ese gjekk det eit enormt snøskred, men der gjekk det ikkje menneskeliv tapt.

1944

I 1944 omkom fem menn då slepebåten ”Brevik” kantra og sokk utanfor Nessane. Båten kom frå Bergen og var på veg til Vetlefjorden med to lekterar på slep for å hente ved då ulukka hende.

1954

To menn frå Kvamsøy omkom i ei arbeidslulukke i 1954 då ein løypestreng som dei arbeidde med, kom i kontakt med ei høgspentleidning.

Flodbylgja som raset frå Molskreda skapte gjorde skade m.a. på Torsnes.

Flodbylgja som raset frå Molskreda skapte gjorde skade m.a. på Torsnes.

I april 1994

skapte Molskreda på austsida av Vetlefjorden ei stor flodbylgje som gjorde skade på naust og båtar langs fjorden. Skredet var 300 meter breidt og øydela mykje skog. Vegen til Menes var sperra i mange dagar.

2004

I 2004 omkom ein mann frå Leikanger då bilen hans vart teken av eit steinskred ved Kongsnes i Lånefjorden.

Kjellaretasjen står att etter at sørpeskredet tok resten av huset i Tuftedalen. Dei to som budde i huset var sjanselause. Foto: Arve Uglum, NRK.

Kjellaretasjen står att etter at sørpeskredet tok resten av huset i Tuftedalen. Dei to som budde i huset var sjanselause. Foto: Arve Uglum, NRK.

Berre grunnmuren stod att

Om kvelden den 21. mars 2011 omkom ein mann og ei kvinne då eit bustadhus i Tuftadalen vest for Balestrand sentrum vart sopt av grunnmuren og knust til pinneved av eit sørpeskred. Huset var bygt nær ved ei lita elv. Då store nedbørsmengder fekk ei isdemme til å breste høgt oppe i fjellsida, velta is, snø jord og stein nedover langs elveløpet og tok med seg huset. Berre kjellaretasjen stod att. Den eine omkomne vart funnen i elveleiet, den andre i fjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011