Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomshuset i Balestrand

Dei som vil sjå det gamle ungdomshuset som ein gong stod i Holmen, kan i dag finne det som bedehus på Kaupangerskogen. Balestrand Ungdomslag hogg skogen og bygde huset på dugnad i 1920. Huset hadde høgt valmatak og stod der akavariet ligg i dag. I sommarstida heldt lokale spelemenn konsertar for turistane i ungdomshuset.

I 1957 vart det rive og flytta til Kaupangerskogen, og i staden bygde balestrendingane på dugnad eit nytt forsamlingshus - Bygdahuset.

Andre ungdomshus

Elles er det ungdomshus i bygdene Nessane, Kvamsøy, Sværefjorden (bygd 1933) og Vetlefjorden.

I Kvamsøy vart bygningar som stod att etter det kortvarige skipsbyggingseventyret til Styrk Vinsentz (sjå Skipsbyggeriet i Kvamsøy) nytta som forsamlingslokale før ungdomshuset stod ferdig.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2011