Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa frå Sværen til Amerika

Torsnes, der 14 frå same familien drog til Amerika i 1847. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Torsnes, der 14 frå same familien drog til Amerika i 1847. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Knapt noko grend i fylket har hatt så sterk utvandring som Sværen: I åra frå 1844 til 1920 utvandra 64 menneske frå den vesle bygda til Amerika.

Det var ingen særskilde økonomiske grunnar til den sterke utvandringa frå Sværen, men her som elles var det ofte avgjerande at dei som reiste først, overtala slekt og kjenningar til å kome etter.

Eitt av dei største Amerika-fylgja frå eitt tun var nok det som reiste frå Torsnes ein vårdag i 1847. Då reiste i alt 14 menneske frå same familien, etter at Eirik Torsnes hadde selt bruket. Alle busette seg i Midtvesten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011