Hopp til innhold
X
Innhald

Vetlefjorden som opplagsplass

Vetlefjorden vart i ti år nytta som opplagsplass for nokre av dei største supertankarane i verda.

Vetlefjorden vart i ti år nytta som opplagsplass for nokre av dei største supertankarane i verda.

Uro og krigar i Midt-Austen på 1960- og 1970-talet førde til at Suezkanalen vart stengd, og oljeprisar og forsyningsboikott vart brukte som politiske våpen av arabiske land. Dette førde m.a. til ein sterk vekst i supertankflåten som kunne frakte olje rundt Afrika til Vesten. Krisa i verdsøkonomien i siste halvdel av 1970-talet førde til stor overkapasitet i tankmarknaden. Mange store skipsreiarlag, mellom desse Hilmar Rekstens Rederi, gjekk konkurs.

Gigantar på fjorden

Ein av stadane som vart nytta som opplagsplass for supertankarar, var Vetlefjorden. Her vart nokre av dei største tankskipa i verda lagde i opplag frå 1975 til 1985.

Dei første to var svenske «Hemland» og «Svealand», som låg eit par års tid. Eit av skipa var kring 420.000 tonn. Etter eit opphald kom reiarlaget Sig. Bergesen d.y. i 1978 med supertankarane «Berge Empress» og «Berge Emperor».

Skipa var forankra i kraftige pollertar på austsida av fjorden og festa med anker med stamnen vestover. I opplagstida var skipa ei god inntektskjelde for Vetlefjorden - ikkje minst for det lokale Vetlefjord og Sværefjord Kraftlag (sjå Kraftutbygging i Balestrand), som forsynte dei enorme tankskipa med elektrisk straum.

Berge Emperor og Berge Empress fylte godt opp i fjorden. Foto: Firda.

Berge Emperor og Berge Empress fylte godt opp i fjorden. Foto: Firda.

Til opphogging

Dei to norske supertankarane vart i 1985 taua frå Vetlefjorden til Taiwan, der «Berge Emperor» vart hoggen opp, medan «Berge Empress» vart selt av skraphandlarane til eit norsk komandittselskap og fekk namnet «Happy Empress». Under ulike eigarar var skipet i drift til det vart hogge opp i 2004.

Sist på 1990-talet låg ei russisk flytedokk som måtte søkje naudhamn, omlag ein månad i Vetlefjorden. Elles låg det svenske turistskipet «Gripsholm» ein kort periode i opplag i Esefjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.07.2011