Hopp til innhold
X
Innhald

Vetlefjordens Samtalelag

Vetlefjordens Samtalelag vart skipa i 1891, og var ein forløpar til det lokale ungdomslaget. Denne «samtalegruppa» hadde mange radikale emne for den tid å vere til diskusjon, som kvinnesak og røystesrett for kvinner.

I 1892 drøfta dei «Kvindesagen». Etter eit innleingsforedrag var det mange som tok ordet og fortalde om dei tunge tak som gardkonene måtte ta utan å få løn for det. Fleire meinte at kvinnene kunne gjere framifrå arbeid både som «Dogtor, Sagfører, Foged og Søkapteiner» dersom dei fekk sjansen.

Sundagshandel

På eit anna møte vart det kvass diskusjon for og imot sundagshandel i bygda. Dei som var for sundagshandel, meinte at dette var einaste tida då tenestefolk som elles i veka træla i arbeid seint og tidleg fekk høve til å handle.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009