Hopp til innhold
X
Innhald

Vevstovene i Balestrand

Ingeborg Bale med teppe som ho selde til turistar. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Ingeborg Bale med teppe som ho selde til turistar. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dyktige kvinner i bygda skaffa seg gode ekstrainntekter på vevnad til turistane. Dei gamle norske vevteknikkane fekk sin renessanse gjennom vevkursa til Randi Blehr i Lærdal, og norsk vevkunst hadde ein sentral plass i den nasjonale rørsla på 1800-talet. Mange kvinner som gjekk på vevkurs hos Blehr i Lærdal, starta eigne vevstover for sal til turistane.

To av dei mest sentrale var Brita Dahle og Klaudine Skarestad i Fjærland. Klaudine var fødd på Grøneng ved Esefjorden i 1858, men flytta til Skarestad i Fjærland då ho gifta seg. Ho hadde opptil 7 jenter i sving i vevstova si, og hadde m.a. utsal av teppa i Oslo kvart år før jul.

I Balestrand starta Klaudine Skarestad vevstove i samarbeid med syskenborna Anna Bø (1884-1939) og Klaudine Bale (1889-1982). Denne vevstova var i gang før 1. verdskrig, og vart driven fram til 2. verdskrig. Teppa vart selde i Bjørn Sande sin souvenirbutikk (sjå elles Villa Kringsjå).

32 utsalsstader

I mellomkrigstida var det i alt 32 utsalsstader for vevnad i Balstrand, m.a. hos treskjæraren Ivar Høyvik og kona Eli. Dottera Astrid Geithus har ført vevtradisjonen vidare. Også Durdei Ese og dei tre døtrene dreiv vevstove i desse åra. Fleire hadde souvenirbutikk i samband med vevstovene.

Anna Mundal frå Fjærland starta i 1929 vevstove i Balestrand. Ho hadde starta med veving i 1909, og dreiv vevskule med elevar frå England, Amerika og fleire skandinaviske land. Vevstova var i drift i heile mellomkrigstida, og Mundal hadde to jenter til hjelp.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.07.2011