Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Balderslund

Villa Balderslund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa Balderslund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gertrude Abbott ferierte kvar sommar frå 1894 og fram til 1939 i Balestrand - med unntak av krigsåra under 1. verdskrig.

Villaen «Balderslund», bygd i drakestil i 1907, ligg like ved den gamle futegarden Askelund, og er nabohus til Villa Normann. Huset vart bygd av den velståande Gertrude Abbott (1866-1951) frå Philadelphia i USA, som også ytte store pengesummar til bygging av «Engelsk-kyrkja» - St. Olafs kyrkje, og til sjukestove i bygda.

Gertrude Abbott ferierte kvar sommar frå 1894 og fram til 1939 i Balestrand - med unntak av krigsåra under 1. verdskrig.

På Balderslund heldt ho fine selskap, og tok kvar dag ein køyretur gjennom bygda med hest og trille. I huset heldt ho tenarskap og gartnar.

Ferieheim og legekontor

Abbott testamenterte Balderslund som ferieheim til Bergen krins av Røde Kors. I 1953 kjøpte legeekteparet Odd Berle Martens (1899-1979) og Edel Mejlander Martens (1899-1979) Balderslund. Dei nytta ein del av bygningen til legekontor fram til 1975. Edel Martens la ned eit stort arbeid for å få bygd omsorgssenteret Granlia (Granlia Heim og Skule). I 1980 kjøpte Åse og Sigurd Ese eigedomen på auksjon.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011