Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Jotunheimen

Villa Jotunheimen ved stranda på Bruhjell vart bygd i 1901 av landskapsmålar Håkon Kaulum (1863–1933) frå Bergen. Huset vart oppført i rundtømmer og drakestil, og fleire av vindauga var i gamaldags, grønt glas.

Kaulum eigde villaen til 1907, då han selde til Einar Gran. I 1913 kjøpte sjømannen Hans Johannessen huset og starta «Cafe Jotunheimen».

Vinteren 1928 vart huset råka av snøskred og totalt øydelagt (sjå Ulukker og naturskader i Balestrand).

I 1936 bygde Sverre Svensen og Ragnhild Svensen (1899–1984, fødd Hansen) frå Bergen hytte på tufta etter Villa Jotunheimen. Ragnhild Svensen var kunstmålar, og budde mykje i Balestrand, der ho var vennine med Helga Normann (sjå Emma Pastor Normann-huset).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.11.2018