Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Kringsjå

Kringsjå Hotell og Vandrarheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kringsjå Hotell og Vandrarheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eigedomen er i nyare tid betre kjend som Kringsjå Hotell, og ligg på ei høgd over Balestrand sentrum.

Tomta vart i 1903 kjøpt av Bergens-kvinna Marie Olivia Monsen. Etter skilsmål frå ein rik engelskmann, gifta Marie Olivia seg i 1906 med den velståande admiralen David Kindleberger (1834-1921) frå Oregon i USA. To år tidlegare hadde paret bygd ein stor villa i drakestil i Balestrand, levert frå Olav Digres ferdighusfabrikk (sjå Drakestilen som nasjonalsymbol).

David Kindleberger var ein habil amatørmålar, og mange av landskapsbileta hans heng i Balestrand den dag i dag.

I 1931 kjøpte Ola Midtnes og Bjørn Sande eigedomen. Sande tok over som eineeigar i 1932 og starta pensjonat, som i 1935 vart utvida til 20 senger. Etter 2. verdskrig tok sonen Magnus Sande over drifta og utvida hotellet i 1952 og 1964. Han starta også Svingen Kafé i 1946. I 1975 tok sonen Bjørn Skanke Sande over og bygde i 1975 restaurant i kjellaren. Her kan ein framleis sjå dei forseggjorte murane frå den opphavelege villaen.

Sognefjord Akvarium. Foto: Bjørn Skanke Sande.

Sognefjord Akvarium. Foto: Bjørn Skanke Sande.

Leirskule

I 1980 vart hotellet leirskule, og i 1985 vandrarheim. Bjørn Skanke Sande og kona Solveig Berstad Sande har kjøpt inn ei Colin Archer-skøyte til leirskulen, og bygde i 1994 Sognefjord Akvarium i Balestrand sentrum. Dei driv og Café Fløyfisken i tilknyting til akvariet. Hotellet er no knytt til Norske Vandrerhjem og har fått namnet Kringsjå Hotell og Vandrarheim.

I kummane til akvariet kan folk sjå fisk som finst i Sognefjorden, mellom anna hå. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I kummane til akvariet kan folk sjå fisk som finst i Sognefjorden, mellom anna hå. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.07.2011