Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Norlandheim

Villa Norlandheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa Norlandheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa Norlandheim vart bygd i 1905 av hoffotograf Carl Tietz ( Fotograf Tietz) frå Berlin. Han var Keisar Wilhelm II sin personlege fotograf, og var med på keisarferdene til Balestrand.

Som dei fleste andre kunstnarvillaene, er denne også bygd i drakestil og er eit ferdighus frå Jakob Digre sin fabrikk i Trondheim (sjå Drakestilen som nasjonalsymbol). I 1917 vart huset selt til Stavanger-mannen Petter Jansen, og etter å ha vore innom Oslo-mannen Henrik Hansen, hamna det i 1920 hos tyskaren Frantz Reinboth, som også eigde Futegarden Askelund, der han dreiv hotell. Han nytta Norlandheim som kafé under namnet «Kong Beles Café».

Etter at Reinboth fekk økonomiske problem, vart Villa Norlandheim seld på auksjon, og har sidan vore eigd av familien Erik Sjøtun.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011