Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Normann

Villa Normann. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa Normann. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kunstmålar Eilert Adelsteen Normann bygde Villa Normann like vest for Balestrand sentrum i 1891, like ved Villa Balderslund.

Huset er bygd i drakestil, og kjem frå ferdighusfabrikken til Jakob Digre i Trondheim (sjå Drakestilen som nasjonalsymbol). Normann innreia atelier med stort vindauge i huset.

Arvingane etter Normann måtte tvangsselje huset i 1934 til jordskiftedomar Otto Resi frå Rogaland, og sidan 1958 har brorsonen, tidlegare NRK-reporter Kjell Gjøstein Resi og systera Heid eigd huset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.07.2011