Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Solheim

Villa Solheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villa Solheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villaen ligg ved stranda på Bale, og vart bygd i 1909 av kunstmålar Johannes M. Johannessen (1859-1926) frå Bergen.

Villaen ligg ved stranda på Bale, og vart bygd i 1909 av kunstmålar Johannes M. Johannessen (1859-1926) frå Bergen.

Han var ein nær ven av kunstmålar Hans Dahl. Johannessen måla landskapsbilete og portrett. Nokre av dei finst i kunstsamlinga på Kviknes Hotell. Den tyskfødde kona hans, Clara Kretchmer (1868-1946), vart buande i Villa Solheim etter at ektemannen døydde, og skøytte eigedomen over til vennina Antonette Theodora Thygesen, som også budde i Balestrand.

I 1955 gjekk huset over til kunstmålar Johannessen sin familie, som selde vidare til kaptein Olav Skaasheim og kona Julie Thue, som seinare har hatt det i slekta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.07.2011