Hopp til innhold
X
Innhald

Villa Strandheim

<pb id=

Hans Dahl i 1894. Både han og Eilert Adelsteen Normann var såkalla «düsseldorfarar». Dei budde begge i Tyskland, og det var Adelsteen Normann som rådde Dahl til å byggje seg villa i Balestrand.

Villa Strandheim er ein av dei største villaene i drakestil i bygda. Den ligg like ved strandkanten, der Dahl bygde bryggje, badehus og naust i same stil.

I 1910 bygde kunstnarsonen Hans Andreas Dahl atelier like ved faren sin villa.

Hans Dahl vart ein nær ven av Keisar Wilhelm II av Tyskland, som i 1910 utnemnde han til «kongeleg prøyssisk professor». Kvar sommar heldt Dahl store hagefestar ved Villa Strandheim. Her var keisaren fast gjest.

I 1910 bygde kunstnarsonen Hans Andreas Dahl atelier like ved faren sin villa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011