Hopp til innhold
X
Innhald

Ville ha hotellet som krigshovudkvarter

Kvikne´s  Hotel var ei kort stund i 1940 hovudkvarter for norske styrkar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvikne´s Hotel var ei kort stund i 1940 hovudkvarter for norske styrkar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved krigsutbrotet i 1940 vart Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt under kommando av kommandørkaptein Evensen oppretta den 12. april med hovudkvarter på Kvikne's Hotell. Nokre veker seinare søkte norske soldatar på flukt tilhald i hotellet, der Marta Kvikne tok godt imot dei. Både ho og sonen Ole fekk deltakarmedaljen for innsatsen.

Kring heile Balestrand vart det sett opp maskingeværstillingar. Det lokale skyttarlaget vart mobilisert for vakt og nærforsvar. For å hindre at tyskarane skulle trengje inn Sognefjorden, la jagarane «Garm» og «Troll» - og torpedobåten «Snøgg» seg i ei ytre line ved Vadheim, og mineleggjarane «Gor» og «Vale» saman med rekvirerte norske fiskeskøyter la seg ved Kvamsøy.

Nekta tyskarane

Etter dei første turbulente vekene, kunne Kvikne's drive nokolunde normal hotelldrift det første krigsåret, med norske byfolk som gjestar.

Men i august 1941 freista tyskarane å ta over hotellet til krigsbruk. Marta Kvikne vart beden om å samarbeide. Talsmannen deira meinte det vart best slik, fordi «tyskarane ville vinne krigen». Marta Kvikne avslo:

- Då tek eg heller sjansen på at dei taper krigen, svara ho. Den tyske majoren og den norske hjelpesmannen hans reiste med uforretta sak heim att til Oslo.

Les meir om Kvikne's:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2011