Åge Johan Nigardsøy

Åge Johan Nigardsøy (1955-2008) frå Bremanger, busett på Tiller i Trondheim. Organisasjonsmann.
Han utdanna seg som pianostemmar, men vart tidleg engasjert i arbeid i Norges Blindeforbund der han var leiar frå 2000 til 2007.
Han var leiar for forbundet si lydproduksjonsavdeling i Trondheim og stod i spissen for at Norges Blindeforbund starta ein av dei første nærradioane i Noreg tidleg på 1980-talet.
Nigardsøy sat også i Statens råd for funksjonshemma.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 14.01.2016