Hopp til innhold
X
Innhald

Aksel Mollø Christensen

Foto: Sverre Mollø Christensen.

Foto: Sverre Mollø Christensen.

Aksel Mollø Christensen fødd 1883. Ingeniør. Første overingeniør for elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane.

Mollø Christensen kom frå arbeidet som anleggsleiar ved kraftanlegga i Høyanger 1916-17. Han fekk som oppgåve å arbeide ut planar for utbygging av vasskraft til alminneleg forsyning i Sogn og Fjordane.

Planen hans var å byggje ut Lærdalsvassdraget i Sogn, Gaularvassdraget i Sunnfjord og Ålfot-vassdraga i Nordfjord til dette føremålet. Ålfot-vassdraga kom først til utbygging (sjå Ålfotsaka).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011