Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Rosenlund

Alf Rosenlund (1901-1980) frå Davik. Lensmann. Tok over som lensmann i Davik etter faren Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund i 1934. Var distriktssjef i Fjordane for Milorg i 1945. (Sjå Milorggruppa «Snowflake»).

Hadde ei rad offentlege tillitsverv, og fekk Norges Musikkkorps Forbunds høgste utmerking Sølvtrompeten for stor innsats for song- og musikklivet i Nordfjord.

Alf Rosenlund stilte også på 2. plass på ”Fiskar-og Småbrukarlista” til stortingsvalet i Sogn og Fjordane 1945. Lista fekk 2806 røyster – langt unna mandatplass.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007