Hopp til innhold
X
Innhald

Ålfotbréen landskapsvernområde

Ålfotbréen. Foto: Asle Veien, NRK.

Ålfotbréen. Foto: Asle Veien, NRK.

Ålfotbréen er den vestlegaste, store isbréen i Noreg. Den dekkjer 70 kvadratkilometer og ligg i kommunane Bremanger, Flora og Gloppen, med høgste punkt 1632 m.o.h.

Ålfotbréen er den mest lågtliggjande bréen i Noreg, og det er såleis nedbørsmengda i form av snø, og ikkje temperatur, som er avgjerande for ”livet” til bréen. Ålfotbréen var bortsmelta i vikingtida, men målingar viser at noverande bré har eksistert sidan 1160.

I januar 2009 skipa regjeringa eit 226 kvadratkilometer stort landskapsvernområde kring Ålfotbréen og Gjegnalundsbréen. Landskapsvernområdet omfattar areal i kommunane Bremanger, Gloppen og Flora.

Turar på bréen går m.a. frå Grøndalen i Flora og Flora turlag si hytte Blåbrébu.

På tur til Saga i Ålfotbréen landskapsvernområde. Vi ser Plogen til høgre. Foto: Joar Eide.

På tur til Saga i Ålfotbréen landskapsvernområde. Vi ser Plogen til høgre. Foto: Joar Eide.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.10.2011