Hopp til innhold
X
Innhald

Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet

Ålfoten med Myklebustneset, som var planlagd arena for storindustri under Ålfotutbygginga. I dalen bak er Åskora, som vart bygd ut av SFE i 1969. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Ålfoten med Myklebustneset, som var planlagd arena for storindustri under Ålfotutbygginga. I dalen bak er Åskora, som vart bygd ut av SFE i 1969. Foto: Kjell Arvid Stølen.

«Ålfot-skandalen» er nemninga på kraftutbyggingssaka som førde Sogn og Fjordane fylke og dei fleste kommunane i Fjordane opp i den største økonomiske krisa nokon gong. Verknadane etter Ålfot-skandalen måtte kommunar og fylke slite med til langt etter 2. verdskrig.

Fossespekulant kjøpte fossane

Fossespekulanten Ragnvald Blakstad med sitt Vestlandske Fossekompani kjøpte i 1899 vassdraga i Ålfoten for 6500 kroner. Blakstad var ein av dei retteleg store industrigründerane i Noreg då ein kring 1900 for alvor tok til å sjå potensialet i den norske fossekrafta. Han vert rekna som industribyen Notodden sin grunnleggjar og var aktivt med i Tyssedal i Hardanger.

Då han sikra seg fossefalla i Ålfoten, sysla Blakstad også med planar om å nytte krafta til ein karbidfabrikk som skulle byggjast på Sigdestadneset i Ålfoten. Det same hadde han planar om på Sunndalsøra då han kjøpte opp dei mektige fossefalla i Aura og Mardøla-vassdraga i Møre og Romsdal.

Men verken i Ålfoten eller Aura kom det karbidfabrikkar. I staden selde Blakstad unna dei fleste av fallrettane sine på Vestlandet. I Ålfoten gjorde han det med ei svimlande forteneste: I 1918 selde Ragnvald Blakstad fossefalla i Yksenelvane og Åskora i Ålfoten til Ålfot interkommunale kraftselskap for 900.000 kroner.

Ålfot interkommunale kraftselskap

Bak Ålfot interkommunale kraftselskap stod fylket, kommunane i midtre og ytre Nordfjord og Sunnfjord-kommunane Bremanger, Kinn, Florø, Vevring og Askvoll.

Det var den nytilsette vassdragsingeniøren til fylket, Aksel Mollø Christensen som arbeidde ut strategien for den offentlege storsatsinga på kraftutbygging for ålmenforsyning i fylket: Oppkjøp av Svartegjelsfossen i Lærdal, dei øvre greinene av Gaularvassdraget i Sunnfjord og Ålfotenfalla i Nordfjord skulle sikre vasskraft til dei nye, interkommunale kraftselskapa. Same strategien låg bak skipinga av interkommunale kraftselskap i nabofylka: Tafjord Kraftselskap på Sunnmøre skipa i 1916, og BKK – Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, skipa i 1920.

I Sogn og Fjordane hasta det mest med kraftforsyning til den raskt veksande fiskeindustrien i Måløy og Florø, og difor kom selskapet i Ålfoten først i gang. Planane for offentleg eigde kraftverk i Årøy og Gaular vart innhenta av nedgangstidene på 1920-talet, og vart difor ikkje sette ut i livet.

Luksus i Ålfoten

Men kraftselskapet i Ålfoten hadde hastverk: Første prioritet fekk bygging av eit høgspentnett mot Måløy, Florø og aluminiumsbygda Stongfjorden. For å kome seg over Nordfjorden med krafta til Måløy, måtte ein byggje fjordspenn, og spennet over Nordfjorden ved Maurstad var på den tida verdas lengste. Det første som kom på plass i Ålfoten, var nokre flotte villaer til ingeniørar og funksjonærar, og ein luksuriøs administrasjons-og representasjonsbygning, innreia med kostbare skinnmøblar og krystallysekruner. Selskapet kjøpte også inn ein eigen dampbåt.

Planlegginga av kraftverka gjekk tregare, ikkje minst fordi det var mangel for kvalifisert ingeniørhjelp i den hektiske jobbetida under og like etter 1. verdskrig. For å bøte på dette, leigde direksjonen i selskapet inn utanlandske ingeniørar til skyhøge honorar.

Administrasjonsbygget som Ålfotselskapet bygde, slik det ser ut i 2007. Foto: Ottar Starheim.

Administrasjonsbygget som Ålfotselskapet bygde, slik det ser ut i 2007. Foto: Ottar Starheim.

Kraftleige frå Svelgen

Medan det meste stod stille i Ålfoten, nærma kraftlinene seg fullføring. For å sikre rask forsyning av kraft m.a. til Måløy- og Florø-industrien, gjorde difor selskapet avtale med Bremanger kraftselskap (sjå Bremanger smelteverk) i Svelgen om leige av kraft til høge prisar. Men nedgangstidene som fylgde, gjorde at Ålfot-selskapet selde langt mindre kraft enn venta, samstundes som dei sat med enorme lån etter utbygging av linenettet.

I Ålfoten gjekk utbygging av eigen kraftstasjon i stå. I von om at konjunktursvikten og dyrtida berre var eit kortvarig fenomen, tok direksjonen i Ålfot interkommunale kraftselskap opp stendig nye lån for å betale dei gamle Men det skulle vise seg å verte ein dødsspiral for selskapet: I 1922 hadde selskapet ei gjeld på 13 millionar kroner, og det vart m.a. retta hard kritikk mot styret for ekstravagante disposisjonar ved bygging av luksusvillaer i Ålfoten.

Solidarisk ruin

Men den retteleg store ulukka var at Ålfot interkommunale kraftselskap var organisert som solidarisk selskap, og ikkje som eit aksjeselskap. I eit solidarisk selskap er nemleg regelen at om noko går gale, så må eigarane - her fylke og kommunar - stå direkte ansvarlege og svare for underskota. Med andre ord ein slags kausjon. Dette førde til ei nærmast botnlaus gjeldskrise og økonomiske problem for fylke og innblanda kommunar.

Nokre av dei sleit med gjelda 40 år etter Ålfot-misèren. Fleire innblanda kommunar vart sette under statleg administrasjon, og for Kinn kommune sitt vedkomande gjekk det så ille at den som «straff» vart delt opp i tre komuneeiningar: Kinn, Bru og Eikefjord. Denne delinga varde til storkommunen Flora samla dei att saman med Florø by i 1965.

Deling av vrakgodset

I 1927 ville fylket trekkje seg ut av selskapet mot å dekkje ein del av gjelda, men mange kommunar avviste tilbodet. Mellom desse var Davik og Bremanger. Etter fleire harde forhandlingsrundar kom ein likevel fram til semje i 1928. Då hadde selskapet fått forhandla fram redusert straumpris frå kraftverket i Svelgen samstundes som det vart teikna ein langsiktig avtale på kraftforsyning til aluminiumsverket i Stongjorden. Ålfoten interkommunale kraftselskap vart oppløyst, og dei innblanda kommunane skipa «Aalfotselskapet» som eit ansvarleg selskap. Kommunane gjennom det nye Aaalfotselskapet tok over linenettet – det som seinare vart Ytre Fjordane Kraftlag.

Politiske «ålføter»

Fylket tok over ein stor del av gjelda, og fekk samstundes med seg fallrettane og dei faste eigedomane i Ålfoten, bokførde med ein samla verdi på ein million kroner. Men sjølv om fylket etter bytet sat att med dei verdfulle fallrettane i Ålfoten, så hadde det svidd seg kraftig i pelsen: I åra mellom 1924 og 1928 hadde Sogn og Fjordane fylke løyvd 1.360.000 kroner for å dekkje underskot i Ålfot interkomunale kraftselskap, og det var ein svimlande sum pengar i dei dagar. Fadesen i Ålfoten førde til at Sogn og Fjordane fylke let vere å byggje ut i Gaularvassdraget, og då dei prøvde på 1980-talet var det for seint: Gaularvassdraget vart varig verna i 1993.

I indre Sogn la ikkje fylkeskommunen seg bort i lokal kraftforsyning i det heile. Men Ålfot-skandalen førde elles til at fylkespolitikarane og administrasjonen i lang tid var svært varsame med å ta på seg økonomisk ansvar som dei ikkje fullt ut kunne sjå rekkevidda av. Denne replikken er henta frå ein debatt om økonomi i fylkestinget på 1950-talet: - Vi må vere varsame, for vi har hatt ein «ålfot», og vi kan ikkje tole fleire «ålføter».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2009