Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Endal

Anders Endal fødd 1935 på Endal, busett i Trondheim. Sivilingeniør og professor. Ingeniøreksamen frå Norges Tekniske Høyskole ( NTNU) i 1961. Tilleggsutdanning ved Dalhousie University i Canada 1969 og ved Centre d’Etudes Industrielle i Geneve 1982.

Forskingsstipendiat ved modelltanken i Trondheim 1961-1962, skipskonstruktør ved A. M. Liaaen i Ålesund 1962–1964, leiar av skipskonstruksjon ved verft i Canada 1964–1966, medskipar av Yeatman, Endal & Co. skipsdesignfirma i Halifax i 1966. I åra fram til 1975 var han dessutan medskipar og med i leiinga for fleire verksemder både i Canada og Noreg innan skipsteknikk.

Forskingsdirektør ved det norske instituttet for fiskeriteknologi 1975–1987. Professor II ved fiskeriteknologistudia ved Universistetet i Tromsø 1978–2005, og frå 1988 professor ved fakultetet for marin teknologi ved NTNU i Trondheim, der han også var dekanus i åra 1992–1998. Endal har leia ei mengd tunge forskingsprosjekt og vitskapelege komitear innan fiskeriteknologi både i Noreg og utlandet, m.a. for FN, FAO og IEA. Son til Hans Eirik Endal .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011