Hopp til innhold
X
Innhald

Arne Øvrebotten


Sjå òg: Krigshistoria i Bremanger

Arne Øvrebotten fødd 1923 i Botnane. Gardbrukar og motstandsmann under andre verdskrig. Saman med foreldra var han ein sentral bindelekk i Frøysjø-området for Shetlands-fararar og sabotørar under andre verdskrig – mellom desse Milorg–sjefane Ragnar Ulstein og Harald Svindseth, og sabotøren Fredrik Kayser. Mange av motstandsfolka vart løynde i ei fjellhole i utmarka til garden.

Sjå òg: Krigshistoria i Bremanger

Tillitsverv

Øvrebotten hadde fleire tillitsverv i meierisamvirket, m.a. som styreleiar i Sunnfjord Meieri. Son til Thorbjørn Øvrebotten og far til Magni Øvrebotten.

Arne Øvrebotten, son til Thorbjørn Øvrebotten, ved hola der motstandsfolka vart gøymde i Botnane. På det meste var det 5-6 personar i hola. Inngangen vart skjult med ei bjørk. (Foto utlånt av familien)

Arne Øvrebotten, son til Thorbjørn Øvrebotten, ved hola der motstandsfolka vart gøymde i Botnane. På det meste var det 5-6 personar i hola. Inngangen vart skjult med ei bjørk. (Foto utlånt av familien)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011