Hopp til innhold
X
Innhald

Audun Røys

Dei tilsette på krabbefabrikken Røys Preserving.

Dei tilsette på krabbefabrikken Røys Preserving.

grunnla i 1923 handels- og fiskeforretning i Kalvåg. Han bygde også eigen hermetikkfabrikk (Røys preserving), og frå 1942 produserte han også fiskemat. Audun Røys kunne ha opptil 32 arbeidarar i sving i krabbesesongen i mellomkrigstida, og produksjonen kom opp i 45.000 boksar årleg. Røys Preserving heldt til i bygget som vart kalla «hotellet».

Frå 1975 har Audun Åge Røys drive butikken som i 1997 vart slegen saman med butikken til Svein Inge Fosse, og namnet vart Kalvåg Handel AS. I 2005 tok Svein Inge Fosse over drifta.

Kalvåg Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kalvåg Handel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2010