Hopp til innhold
X
Innhald

Aviser og medium i Bremanger

Ola Johannesson Vik

Ola Johannesson Vik

Forteljaren og Livet Ole Johannesson Vik, lærar i Bremanger, gav på 1890-talet ut eit lokalt opplysningsblad, Forteljaren. Bladet var trykt på nynorsk, som var uvanleg på den tida.

Seinare gav Vik også ut bladet Livet på bokmål, og trykte nokre småhefte med ymse folkeopplysande innhald. Vik hadde eige prenteverk.

TV- og radiosendarar

Hovudsendaren for radio- og TV på Steinfjellet på Bremanger var den andre hovudsendaren for kringkasting som vart sett i drift i Sogn og Fjordane etter Gulen-sendaren (1963) Bremanger-sendaren vart sett i drift i 1964.

Svelgen nærradio

Svelgen nærradio vart etter initiativ frå Bemanger Smelteverk den første faste nærradiostasjonen i Sogn og Fjordane. Opptakten skjedde i 1983, og første sending var 25. februar 1985. (Tidlegare hadde studentane i Sogndal drive nokre prøvesendingar). Første redaktør var Karl Cirotski. Nærradioen dekte både fastlandet og øyane i Bremanger kommune. Sendingane vart nedlagde i 1998, men radioselskapet eksisterer framleis (2001).

Bremanger-Nytt

Kommunen gjev ein gong i månaden ut Bremanger-Nytt, med kommunal informasjon til alle innbyggjarar.

Nettaviser

Nettavisa svelgen.no vart skipa i 2001, og i 2010 kom www.bremanger.no i drift.

Bremanger Budstikke

vart starta i 2010 av Geir Nybø. Avisa kjem ut i Svelgen ein dag i veka.

Radio- og TV-sendaren på Steinfjellet. Foto: Steinar Lote, NRK.

Radio- og TV-sendaren på Steinfjellet. Foto: Steinar Lote, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018