Hopp til innhold
X
Innhald

Bård Olav Henriksson Grotle

Bård Olav Henriksson Grotle (1917-1942) frå Grotle. Fiskar, sjømann og soldat. Rømde til Shetland i 1940 og gjekk inn i Kompani Linge, der han kom inn i «Shetlandsgjengen» og vart sjef på skøyta «Aksel». Han utførte 10 turar over Nordsjøen med våpen og agentar før «Aksel» krigsforliste på veg tilbake frå Noreg til Shetland den 6. desember 1942. Grotle vart høgt dekorert for krigsinnsatsen post mortem med Krigskorset med sverd og D.S.M.

Ved sida av Bård Grotle er det berre sjefen for Bjørn West, kaptein Harald Risnes som har fått denne høgste norske utmerkinga, Krigskorset med sverd, av krigsdeltakarar frå Sogn og Fjordane fylke.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2010