Hopp til innhold
X
Innhald

Bautastein på havbotnen?

Kalvåg med garden Frøyen til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kalvåg med garden Frøyen til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Frøyen vart det i 1830 registrert fleire gravhaugar som truleg skriv seg frå eldre og yngre jernalder (ca. 500 f.Kr. f.–1050 e. Kr.f.)

Her vart det m.a. funne ei kvinnegrav med ei beltespenne og ein knapp av blått glas. Den største haugen vart kalla Storrøysa, men alle gravhaugane på Frøyen er sidan jamna med jorda.

På Vollane ved Kalvåg stod det ein gong i tida ein bautastein med innskrifter. Steinen vart seinare flytta og nytta som fortøyningsstolpe på damskipskaia i Kalvåg. Der vart den broten av, og restar av steinen skal no liggje på botnen av hamna i Kalvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.05.2010