Berle kapell

Berle kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Berle kapell vart bygd i 1977. Arkitekt var Alf Apelseth frå Ørsta. Altartavle av Ingjerd Pettersen Hagh.
Kravet om eiga kyrkje i Berle vart reist alt på slutten av 1800-talet ikkje minst fordi bygdefolket måtte krysse fårlege havstykke for å kome til kyrkje. I 1893 vart det noko betre då Berle fekk eigen gravstad, og syrgjehøgtida vart utført i eit hus like ved.
Heilt fram til kommunesamlinga i 1964 høyrde Berle under Davik kommune, og alt i 1910 på same tid som folket på nordsida av Nordfjorden fekk eiga kyrkje på Totland søkte Berle-folket om å verte eige kapelldistrikt, men fekk avslag.
I 1911 starta likevel bygdefolket pengeinnsamling til ny kyrkje, men det var først då biskop Per Juvkam i 1963 fekk utarbeidd teikningar til eit kyrkjebygg nett av same type som skulle byggast i Kilesfjorden i Volda kommune, at saka løyste seg. Kapellet i Berle stod ferdig i 1977. Då hadde bygdefolket samla inn 200.000 kroner og ytt ein stor dugnadinnsats for å få kapellet reist.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.10.2011