Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnesoger i Bremanger

Teikning frå Skilling Magasin av bjørn som har teke ein hjort.

Teikning frå Skilling Magasin av bjørn som har teke ein hjort.

I Bremanger finst det uvanleg mange forteljingar om folk som har kome i nærkontakt med bjørn. Fleire har vorte drepne.

Bjørn i fjøset drap mann

Dei skogkledde bygdene i Midtgulen har tydeleg vore bjørnemark i gamal tid. Her finst fleire historier om bjørn som har skadd menneske og slege husdyr. Så seint som kring 1870 slo bjørnen i hel 30 sauer til enkja Oline Indrehus.

Kring 1617 vert det fortalt at Rasmus Indrehus miste livet etter åtak frå ein bjørn som hadde brote seg inn i fjøset på garden.

Rasmus kom heim frå utmarka ein kveld då han høyrde noko som romsterte inne i fjøset. Han opna døra og ropte inn om det var folk inne. Men då sette bjørnen rett på han og reiv opp magen på mannen slik at han døydde kort tid etter.

I ettertid har Rasmus Indrehus gått under namnet «Bjørnar-Rasmus» i bygda.

I knivkamp med bjørnen

På garden Otteren mellom Rugsund og Davik budde det på 1700-talet ein mann som heitte Anders Otteren. Ein dag han hadde hunden med i utmarka for å gjete husdyra, kom ein bjørn rusande og sette på buskapen. Anders hissa hunden på bjørnen, men bjørnen jaga bikkja til side og sette beint på Anders i staden. Anders hadde berre ein tollekniv å verje seg med. Etter ein hard kamp fekk han skremt bjørnen bort, men sjølv vart Anders så sterkt såra at han døydde av skadane. Hendinga bar truleg til i 1738 då Anders var 24 år gamal. – Kjelda for denne soga er lokalhistorikar Hans Erik Endal.

I bygdeboka for Bremanger – band III, vert det fortalt om ein bjørnekamp i Otteren i 1875 – også den med dødeleg utfall. Hendinga er svært lik den som bar til på 1700-talet: Ein bjørn gjekk til åtak på 41 år gamle Anders Person Otteren medan han var ute og gjette. Då bjørnen gjekk laus på dyra, gjek Anders til åtak på bjørnen med kniv. Bjørnen vart så ille medfaren at han stakk unna, men Anders hadde teke seg så ut i basketaket at han døydde av slag.

Hogg øksa i bjørneskallen

Ein gong midt på 1700-talet, truleg i 1755, kom Hans Pederson Indrehus på ein bjørn som låg og sov ved Budalsfjellet. Han stilte seg inn på bjørnen og hogg øksa i skallen på dyret. Hans torde ikkje vente for å sjå reaksjonen, men la på sprang heim for å hente gevær og meir folk. Då dei kom opp att, låg bjørnen daud under ein fjellskrent som den hadde ramla utfor etter øksehogget. I 1756 kunne Hans innkassere fellingspremie på rovdyret.

Slo i hel bjørnen med staur

I 1772 kom Hans Pederson Indrehus på nytt i nærkontakt med bjørn i fjellet. Denne gongen hadde han børse med, men skadeskaut berre dyret, som sette på jegeren. Hans vart stygt skadd før han greidde å jage udyret unna. Hans berga seg heim, men døydde seinare av skadane. Bjørnen vart seinare funnen daud på ei myr som seinare har vorte kalla Bjørnemyra. Ein bjørnejeger, Lars Olsson, frå garden Askvika ved Ålfotfjorden skal ein gong tidleg på 1800-talet ha skadeskote ein bjørn som rauk på han. Men Lars nytta det gamle knepet med å spele daud, og då luska rovdyret bort. Lars fekk skader som plaga han resten av livet.

Slo i hel bjørnen med staur

På Dombestein levde Martinus Jørgenson Dombestein frå 1769 til 1848. Martinus hadde kjempekrefter, og det går gjetord om at han slo i hel ein bjørn med ein staur.

Også på Isane budde det ein kraftkar, Steffen Wilhelmson Isene (1764–1851) som skulle ga vore i nevekamp både med ulv og bjørn.

Drap bjørnen med kniv

Abraham Kristenson Lida (1806–1893) frå Davik vart alt som gutunge bjørneskyttar. Ein bjørn hadde teke seg inn på tunet i Lida på jakt etter noko slakteavfall. Husbonden var borte, og det vart til at unge Abraham måtte lure seg ut med børsa for å få has på bamsen. Dette var midt på natta, men Abraham sikta etter løpet og skaut – og bjørnen datt daud ned.

I vaksen alder var Abraham på jakt i Ålfoten då ha vart var ein bjørn ute på ei moltemyr. Abraham sikta og skaut, men bomma, og bjørnen sette etter jegeren. Abraham ville berge seg opp i eit tre, men bjørnen nådde han att, og det vart eit kappløp på livet kring trestammen. Då bjørnen stansa så vidt, såg Abraham sitt snitt til å slå bjørnen med geværkolben – og slo børsa tvert av. Då bjørnen sette på han på nytt, køyrde Abraham geværpipa ned i kjeften på beistet. Men det nytta lite. Bjørnen vart berre villare. Men like før Abraham svima av av det harde basketaket, fekk han køyrt jaktkniven i bjørnen. Og då han kom til seg sjølv, låg bjørnen daud ved sida av han.

Bjørnen grov grav til jente

I 1856 var to 12 år gamle jenter – den eine var Eli Pernille Olsen Dyrstad (1844-1893)- på veg opp mot Dyrstadsetra då dei møtte to bjørnungar. Brått rusa binna ut frå kjerra og rauk på Eli Pernille og slo henne medvitslaus. Den andre jenta berga seg unna og sprang heim etter hjelp. Då Eli Pernille kom til seg sjølv att såg ho rett i baken på bjørnemora som var i gang med å grave ei grop der ho kunne oppbevare bytet sitt til eit måltid seinare. Men Eli Pernille greidde å åle seg unna og berge seg. Ho bar merke etter bjørneklør resten av livet. Eli Pernille vart seinare gift med Martin K. Bremnes på Novelandet.

Bjørnen jaga kone i Ålfoten

Midt på 1800-talet vart ei svanger kvinne, Sara Monsdotter, fødd 1817, frå den einbølte garden Lunden ved Ålfotbreen angripen av ein bjørn i utmarka. Ho la på sprang heim med bjørnen etter.Medan ho sprang, vrengde ho av seg kleda, og kom seg til slutt naken, men velberga i hus. Det seiest at Sara fekk varige mein etter møtet med bjørnen . Også på garden Bortneskår ved Frøysjøen skal ein bjørn ha kome inn på garden og gjeve seg til med å grave ei grav til kona på garden. Ho gjekk då med barn, man skal ha vakta seg vel for å gå ut til den svoltne bamsen. Desse sogene om svangre kvinner og bjørn kan vere såkalla «vandresoger» som ein finn fleire stader i landet, t.d. i Fresvik i Sogn frå 1600-talet (sjå Vik kommune) frå 1600-talet). Men opphavet kan frå gamalt av vere realistisk nok: Også mellom indianarar og eskimoar er det kjent at bjørnen ut frå instinkt vel ut svangre kvinner som bytte, på same vis som han veit at drektige hodyr i naturen er tungføre og lettare bytte. Difor har desse urfolka frå gamalt verna leirane sine ved å hengje opp «menstruasjonsklutar» utanfor legera. Bjørnen vert oppteken med klutane, og går ikkje til åtak på folket i leiren. Same trikset er altså kjent av kvinner i Noreg.

Snytt for kukjøt

Drengen Anton var gjetar hjå Jørgen Antonson Aase på Davik ein gong på slutten av 1800-talet då han såg ei bjørnebinne med to ungar nærme seg fjøset på garden. Binna freista først å slå inn fjøsdøra. Men Anton, som hadde gøymt seg i fjøset, gaula så høgt at han skremde bort bamsen.

Bjørnen gjekk så laus på eit fjøs på Hamre, først på fjøsmuren utan å lukkast. Dinest på fjøsgangen, der den stakk seg slik på kvasse ljåar og horver at den gav opp. Tredje forsøk gjorde binna ned gjennom torvtaket og gjennom høystålet. Men her rota bjørnen seg bort, og etter å ha kava heile natta i høystålet måtte den gje opp og og luske sin veg, utan kjøtmat. På garden til Simon Kristenson Midthjell på Ytredavik skal bjørnen ei natt ha brote seg inn i fjøset og drepe alle sauene. Hendinga må ha bore til midt på 1800-talet.

Smågutar skaut siste bjørnen

I 1892 vart den siste bjørnen som vart skoten i Bremanger, felt av 14-åringen Didrik P. Sande og den då 12 år gamle granneguten Alfred K. Sande i Sørdalen ovanfor Svelgen.

På Indrehus vart siste bjørnen skoten i 1885 av Nils P., Isak J. og Rasmus R. Indrehus. I Bortnen var det Jon Kolbeinson (1826–1897) som skaut den siste bjørnen der i bygda saman med John Muri. Årstalet er ikkje kjent. I Ålfoten vart siste bjørnen skoten ved Svorsegga i 1888.

Tråd skulle halde ulven borte

I gamal tid var folk heilt ut til kystbygdene ille plaga av ulv. Men visse opplysningar tyder på at ulveplaga var større på nordsida av Nordfjord enn på sørsida. I bygdene kring Ålfoten, Davik og Gulefjordane var det gjerne bjørnen som herja verst.

Men ein gong på 1880-talet gjekk folket i bygda Hennøy og folket vestanfor Sande i Nordgulen saman for å hindre ulveflokkane i å kome vestover: Dei strekte ein ulltråd over fjellet mellom dei to bygdene, for folketrua ville ha det til at ulven skydde ulltråd. Men ulltråden datt sjølvsagt ned i det verharde fjellet. Ulven kom seg framom og reiv i hel ei ku på støylen til Hennøyfolket.

Hennøyfolket fekk også røyne på kroppen at bjørnen var nærsøkjen: Midt på 1800-talet reiste eit par svenskar rundt og bygde bjørnesikre fjøsar. Dei kom også til Hennøy og mura ein slik fjøs til Ole Hansson Hennøy. Det hende etter at bjørnen hadde brote seg inn og slege i hel fleire geiter. Ein gong – truleg kring 1870 - opplevde budeia Borgny Hansdotter Hennøy at ein bjørn gjekk laus på kyrne hennar på setra og skadde bjøllekua stygt. Kyrne rømde unnabakke, og folket nede i bygda fekk teke livet av bjørnen då den sette etter ned mot tuna.

Det vert elles fortalt at ei kvinne i Hennøy, Pernille Holmøy, vart stygt skamfaren då ein bjørn gjekk laus på henne medan ho var på tur over fjellet for å vitje slekt på Nesbø.

Ei bjørnejeger frå Vingen som heitte Hans Oleson Vingen, måtte ein gong – truleg kring 1870 - kaste seg utfor eit stup for å berge seg unna ein olm bjørn. Hans vart ufør etter denne hendinga. Sonen Kristian vart også angripen av ein stor hannbjørn ein gong, men greidde å hisse hunden på bjørnen slik at han sjølv fekk berga seg til gards.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018