Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger Fiskeindustri

Bremanger Fiskeindustri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Fiskeindustri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Fiskeindustri i Kalvåg vart etablert i 1980 av Domstein-konsernet i Måløy.

Fiskeriverksemda har 82 fast tilsette og er største arbeidsplassen innan fiskeri i Bremanger kommune. Hovudproduksjonen er produkt av sild.

I 2006 kjøpte Domstein det konkursråka Bremanger Fryseri AS og la det inn som ei underavdeling av anlegget i Kalvåg.

Norway Pelagic

I 2007 vart Bremanger Fiskeindustri ein del det største selskapet for sild og makrell i verda – Norway Pelagic - då Domstein Pelagic AS slo seg saman med Global Fish AS, Bergen Fiskeindustri AS, Koralfisk AS på Avaldsnes og Bernt Hansen Eftf. AS i Tromsø. I 2010 selde Domstein ASA alle aksjane sine i Norway Pelagic til Austevoll Seafood AS.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.02.2012