Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger kyrkje

Bremanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger kyrkje på Hauge vart bygd i 1914. Arkitekt var entreprenør Karlsen frå Eid. Ein ukjend kunstnar har måla altertavla.

Eit monument til minne om fiskarar som har kome bort på havet, vart reist ved Hauge-kyrkja i 1964. Monumentet er hogge av kunstnaren Ståle Kyllingstad som m.a. også har laga Linge-monumentet i Måløy.

Gamlekyrkja på Grotle

vart riven i 1866 då Bremanger sokn fekk ny kyrkje i Kalvåg. Flyttinga av kyrkjestaden frå Grotle på Bremangerlandet til Kalvåg førde til ein bitter og langvarig bygdestrid som først i 1914 vart løyst ved at ei ny kyrkje vart bygd på Hauge i Bremanger. Men i lang tid etter fekk bremangerfolket berre lov til å kalle Hauge-kyrkja eit kapell under hovudkyrkja på Frøyalandet, som heilt til 1952 heitte «Bremanger kyrkje».

Gravstad på Kjerpeset

På Kjerpeset vart det i 1915 vigsla ein gravstad for grendene på sørsida av Bremangerpollen. Grunnen var at det ofte kunne vere fårefullt å krysse den verharde bukta til den gamle kyrkjegarden på Grotle når døde skulle gravleggjast.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011