Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger Quarry

Bremanger Quarry. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Quarry. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Quarry starta i 2000 bygging av eit stort steinbrot med utskipingskai på Dyrstad nord for Svelgen.

Selskapet er eigd av nederlandske interesser (Baumann), og brukar den spesielt harde sandsteinen mellom anna i asfaltproduksjon på Kontinentet. Den blir og brukt som underlag for jernbanesviller og til betong- og keramikkindustrien. Frå 2012 skal ein del av steinen nyttast til å dkke til olje- og gassrøyrleidningar på havbotnen.

I 2003 vart det skipa ut 1,3 millionar tonn stein, i 2010 var dette auka til fire millionar tonn, og det var 35 tilsette på Dyrstad.

Bremanger Quarry eig sjølv eit lasteskip som tek 100.000 tonn og som fraktar steinen frå Dyrstad til Kontinentet.

I 2005 omsette selskapet for vel 65 millionar kroner, i 2012 hadde det auka til 235 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.09.2013