Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret

Elkem Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elkem Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger Smelteverk har sidan starten i 1928 vore hjørnesteinen i Svelgen, som frå den store kommunereguleringa i 1964 har vore kommunesenter i Bremanger.

Kring 1900 budde det berre 40 personar på dei seks gardane i fjordbotnen Rise og Sande, der industrisamfunnet seinare voks fram. Frå starten av verket i 1928, då det budde kring 300 personar i Svelgen, skapte aktiviteten ved smelteverket grunnlag for eit industrisamfunn som på det meste talde 1500 innbyggjarar kring 1980. Då arbeidde kring 530 personar ved verket. I 2011 vart heile Elkem medrekna verket i Svelgen kjøpt av eit kinesisk selskap.

Frå utbygginga av Svelgsfossen. Her blir det lagt røyrgate. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Frå utbygginga av Svelgsfossen. Her blir det lagt røyrgate. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Starten var fossekrafta

Overrettssakførar Kristian Faye frå Bergen fekk i 1906 handgjeve fallrettane i vassdraga ved Svelgen frå Hans P. Aardal – m.a. Svelgsfossen. Det formelle kjøpet vart gjort i januar 1912, og då hadde Faye fått med seg skipsreiar Wilhelm Torkildsen på kjøparsida. I 1911 sikra dei to seg fallrettane til Store Førsvatnet i Ålfoten for 6000 kroner, og dette vatnet vart seinare ført vestover til kraftstasjonen i Svelgen. Dei to selde denne og fleire eigedomar ved sjøen til A/S Bremanger Kraftselskap i 1916 for 180.000 kroner.

Svelgen i 1920. Dei første bygningane i det som skulle bli eit driftig industrisamfunn har kome opp.

Svelgen i 1920. Dei første bygningane i det som skulle bli eit driftig industrisamfunn har kome opp.

 Stige med 60 trinn som anleggsarbeidarane brukte ved kraftutbygging ved Svelgen. Ukjend fotograf, eigar: Ingvar Fredheim.

Stige med 60 trinn som anleggsarbeidarane brukte ved kraftutbygging ved Svelgen. Ukjend fotograf, eigar: Ingvar Fredheim.

Faye eigde også fallrettane i Stongfjorden, der han dreiv jodfabrikk før British Aluminium Company bygde aluminiumsfabrikk der i 1908. Han sende ingeniør Harald M. Irgens kring som sakkunnig fossekjøpar, og det var Irgens som teikna dei første planane for kraftstasjon og industri i Svelgen.

Kraftstasjonen kom først

Kristian Faye skipa saman med skipsreiar Wilhelm Torkildsen, Bergen, og konsul Hans Halvorsen, Oslo, A/S Bremanger Kraftselskab i 1914. Selskapet fekk konsesjon i 1916, og utbygginga av kraftstasjonen starta i 1917 med ingeniør Diderich H. Lund som anleggsleiar. Anleggsarbeidet samla rundt 400 personar.

Mange vart innlosjerte på gardane i bygda. Andre budde i brakker, og fleire av desse brakkene vart nytta som husvære heilt fram på 1960-talet. Stova på garden til Per B. Rise vart nytta som anleggskontor. I 1918 vart det bygd fleire familiebustader, lagerbygg og kai i Breivika. Ei stor brakke på Øyra vart nytta som skulehus før det nye skulehuset på Naustneset stod ferdig i 1922.

Handel frå brakker og båt

Då utbygginga starta i 1917, låg dei næraste butikkane på Kjelkenes og i Kalvåg. Den første anleggstida vart det difor rigga til ein mellombels butikk i ei brakke. Hendrik Frimannslund frå Kjelkenes var den første som bygde eigen butikk i Svelgen, og kjøpmannen Knut K. Kjelkenes selde varer frå ein båt ved kaia på Riseøyra før han fekk bygd eiga forretning omlag der rådhuset står i dag. I 1923 skipa tilsette ved A/S Bremanger Kraftselskab samvirkelaget Svelgen Kjøpelag. Dette vart seinare omskipa til Svelgen Handelslag, som bygde butikk i 1928.

Svelgsfossen. I dag kjem det meste av vatnet ut gjennom eit røyr under vassflata etter å ha gjort jobben sin for Elkem. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svelgsfossen. I dag kjem det meste av vatnet ut gjennom eit røyr under vassflata etter å ha gjort jobben sin for Elkem. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lys i husa i 1918

Ein mellombels kraftstasjon på 400 Hk som sytte for straum til anleggsdrifta og til lys i husa i Svelgen, kom i drift i 1918. Den store kraftstasjonen stod ferdig i 1921. Då vart første generatoren sett i drift, og året etter den andre. Men samstundes var også den første, store kraftutbygginga var over, og talet på arbeidarar vart på kort tid redusert til kring 25.

Bygdenamnet vart skapt av utbyggjarane

På same vis som i Høyanger, var det utbyggjarane som skapte det nye namnet på bygda, ved at selskapet ut frå namnet på vassdraget - Svelgsvassdraget - tok til å nemne den gryande industristaden som Svelgen. Først vert det skrive Svælgen - men frå 1919 har «Svelgen» vore i alminneleg bruk.

Storfelte utbyggingsplanar

I dei optimistiske industrireisingsåra på byrjinga av 1900-talet var det vanleg at utbyggjararane tok seg av totalplanlegginga av dei nye industrisamfunna ute i distrikta. Dette skjedde på Rjukan, og her i fylket både kring aluminumverka i Stongfjorden i Askvoll kommune, i Høyanger, og i den første Hydro-tida i Årdal då Tyinfalla vart bygde ut. (Les meir om dette i artiklar under desse kommunane)

Industribyggjarane i Svelgen kunne ikkje vere ringare: Verket tilsette eigen arkitekt, Leif Rustad, som hadde kontor og bustad i huset som vart kalla Ingeniørmessa.

Måløy-banken Ulvesund Kreditbank, som gjekk dundrandre konkurs nokre år seinare, ville gjerne vere med på den rivande utviklinga i den nye industribygda. Dei planla bankfilial i Svelgen, og kom så langt at dei sette opp grunnmuren i Breivika før dei gav seg.

I ein reguleringsplan frå 1919 er øyrane i Svelgen tenkt fylte ut med større areal enn dei er i dag. I reguleringsplanen vart det teikna inn fleire store, treetasjers bustadblokker med kring 100 husvære i kvar! I 1919 vart det sett opp to arbeidarbustader i Breivika med plass til åtte husvære, og dei første villaene for sjefar og ingeniørar vart reiste på Villabakken omlag på same tid. Bustadreisinga vart administrert av A/S Bremanger Boligselskap, skipa av verket i 1918.

Ungkarsmessa, eit hybelhus som vart bygt i 1930-åra for pendlande arbeidarar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungkarsmessa, eit hybelhus som vart bygt i 1930-åra for pendlande arbeidarar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verket hadde hand om det meste av av tomteregulering og tilrettelegging av nye bustadfelt i Svelgen til kring 1970. I 1956 la Bremanger Smelteverk t.d. ut byggeklare tomter for 43 bustader på Ivarplaassen på Sande. På Kvelve bygde verket bustader som seinare vart selde til tilsette, og verket hadde også ein sentral rolle i utbygginga av dei store bustadfelta på Langeneset etter at riksvegen vestover vart opna fram til Kjelkenes i 1960.

Første bustaden som vart bygd som familiebustad for arbeidarar i Svelgen i 1920 står framleis i Gunnar Schelderuups veg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Første bustaden som vart bygd som familiebustad for arbeidarar i Svelgen i 1920 står framleis i Gunnar Schelderuups veg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Famlande industristart

Noreg var prega av nedgangstider frå 1919 utover 1920-talet, og fleire forsøk på å starte industri i Svelgen - frå freistnader med metallproduksjon til klippfisktørkeri - vart kortvarige blaff. Planen den første tida var å byggje eit sinkverk. Arbeidet var såvidt starta i Breivika då den økonomiske krisa sette inn, og bygginga av sinkverket vart stansa.

Ein ny ingeniør som kom til bygda i 1919, Jens Kjølberg, eksperimenterte i eit lite anlegg i Brevika og fann fram til meir moderne metodar å framstille sink på. Han tok ut fleire patentar, men dei måtte gje opp forsøka på å starte produksjon for skuld dei dårlege marknadsutsiktene for sink.

I staden vart ein stor del av krafta frå den nye stasjonen seld til Ålfot interkommunale Kraftselskap. Avtalen galdt sal av 3.400 kW og var gjeldande til 1938.

Gruvekjøp på Nordmøre

Truleg var det nedgangstidene og fåfengde forsøk på å få brukt Svelgen-krafta til industri som førde til at grunnleggjaren Kristian Faye i 1923 trekte seg ut av engasjementet sitt i Svelgen.

I 1926 kjøpte dir. Gunnar Schjelderup ved Christiania Spigerverk og skipsreiar Wilh. Jebsen, Bergen, Rødsand Gruver på Nordmøre. Dette kjøpet skulle få stor betydning for Svelgen, for denne malmgruva skulle i lang tid verte råstoffkjelde for det smelteverket som no vart planlagt.

Svelgens Rujernsverk står det på dette prospektkortet frå 1920-talet. Vi ser kraftstasjonen i bakgrunnen.

Svelgens Rujernsverk står det på dette prospektkortet frå 1920-talet. Vi ser kraftstasjonen i bakgrunnen.

Rujernsverket kjem i drift

Utbygginga av eit smelteverk for rujern kunne endeleg starte i 1927. Hovudeigarane sat i Bergen. Det var skipsreiar Jebsen, Bergens Privatbank og dr.ing. Jørgen H. Andersen. I tillegg hadde dei fått Christiania Spigerverk, der Gunnar Schjelderup var direktør, med som aksjonær. Den første tida vart både smelteverk og kraftstasjonar drive under firmanamnet A/S Bremanger Kraftselskab, men verksemda vart delt i to selskap etter ei tid, og smelteverket vart heitande Bremanger Rujernsverk. Jørgen H. Andersen vart administrerande direktør for selskapa.

Moderne teknologi

Den første omnen på Bremanger Rujernsverk vart tend i november 1928. Dette var ein omn som var konstruert av ingeniørane Georg Tysland og Ivar Hole og var eineståande i verdssamanheng. Omnen var i drift i 30 år.

Produktet frå Svelgen fekk namnet «VanTit» fordi råmalmen frå Rødsand inneheldt både vanadium og titan. I tillegg vart det no bygd såkalla sinterverk, råstofflager, laboratorium, kaianlegg, transformatorhus, administrasjonsbygningar og fleire bustader til ingeniørar og arbeidarar. Smelteverket dreiv også ei tid eige reiarlag som frakta råstoff og ferdige produkt.

1930-åra vart ei vanskeleg tid for smelteverket, og i 1933 var selskapet så langt nede økonomisk at det måtte refinansierast. Samstundes trekte Christiania Spigerverk seg ut av selskapet, men dei skulle kome sterkt att seinare som eineeigarar frå 1955. I åra før 2. verdskrig letta marknaden for VanTit, drifta gjekk i balanse, og verket hadde 166 tilsette.

Messa i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Messa i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Krigsåra

Bremanger Smelteverk heldt produksjonen i gang gjennom heile 2. verdskrig, sjølv om det til tider var vanskeleg å skaffe nok råstoff. Frå 1941 stasjonerte tyskarane ein fast styrke i Svelgen som først og fremst skulle sjå til at det ikkje vart øvd sabotasje mot kraftstasjonen og smelteverket. I Svelgen annekterte tyskarane både Folkets Hus og bustadhus, og bygde brakker på Sande.

Tyske konvoiar søkte ofte hamn i Gulenfjordane der dei kunne liggje i ly av høge fjell og verje seg mot flyåtak. Desse skipa var likevel både tidt og ofte bombemål for allierte fly og for norske sabotørar. – Les meir om dette under Krigshistoria i Bremanger.

I dei siste månadane av krigen vart Milorggruppa «Snowflake» stasjonert i fjella kring Svelgen. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Snowflake i Nordfjord var å hindre at tyskarane nytta «den brente jords taktikk» når dei trekte seg ut, og øydela kraftasjon og fabrikk i Svelgen. Men både i Svelgen som elles i Sør-Noreg gjekk kapitulasjonen fredeleg føre seg utan slike hendingar.

Svelgen i 1958. Vi ser at det er stor byggjeaktivitet både innanfor og utanfor verksområdet.

Svelgen i 1958. Vi ser at det er stor byggjeaktivitet både innanfor og utanfor verksområdet.

Christiania Spigerverk inn på nytt

Christiania Spigerverk kom på nytt på banen i gjenreisingsåra etter krigen, men no som kjøpar av metall frå Svelgen: Ved fabrikken sin i Oslo fekk Spikerverket problem med å skaffe nok billeg kraft, og måtte stoppe smelteomnen der i 1947.

I staden teikna dei ein ti års avtale med Årdal Verk (sjå Årdal og Sunndal Verk (ÅSV)) og AS Bremanger Kraftselskap for leigesmelting ved eit rujernverk på Årdalstangen.

Christiania Spigerverk kjøpte Bremanger Smelteverk i 1955. No starta ein sterk utbyggingsperiode: I 1956 starta verket produksjon av ferrocilisium (Fe-Si) frå ein ny omn, og i 1963 vart det bygd ein i tillegg. I 1958 vart verket utvida med ein ny rujernomn. I 1964 starta Bremanger Smelteverk produksjon av ei ny metall-legering som fekk namnet Silgrain.

Den store aktiviteten gjorde at innbyggjartalet i Svelgen auka frå kring 600 i 1955 til omlag 1000 i 1959.

Silgrainanlegget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Silgrainanlegget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smelteverket som kraftprodusent

I tillegg til dei første utbyggingane kring Svelgen, har Bremanger Smelteverk seinare bygd ut kraftverk kring Indrehus sør for Svelgen, og i Nordalsvassdraget i Flora kommune.

I 1964 kjøpte Christiania Spigerverk garden Vingen med tilhøyrande vassdrag. På garden ligg det kjende: Vingen helleristingsfelt. Dette skøytte Elkem-Spigerverket i 1977 over til Historisk Museum i Bergen, som eig feltet i dag.

Svelgen vert kommunesenter

I åra etter at Christiania Spigerverk vart eineeigar av Bremanger Smelteverk i 1955 var både fabrikke og bygda prega av sterk utbygging og optimisme. Arbeidsfolk frå heile Fjordane strøymde til og busette seg i Svelgen, og verket la ut store bustadfelt for å kunne ta imot alle. I 1961 bygde verket eit storslått samfunnshus som i tillegg til festsalar, bibliotek og andre offentlege rom også husa mange forretningar, kafé og ein hotellfløy.

Svelgen sentrum med rådhuset i midten. Foto: Arild Nybø, NRK.

Svelgen sentrum med rådhuset i midten. Foto: Arild Nybø, NRK.

Etter kommunereguleringa i 1964 då ein stor del av Davik vart lagt til Bremanger kommune, var det naturleg at Svelgen både ut frå storleik og sentral plassering tok over rolla som kommunesenter etter Kalvåg ute på øyane. I 1965 flytta dei kommunale funksjonærane frå Kalvåg til Svelgen, og i 1972 stod det nye rådhuset ferdig. Same året vart også Nordfjord-sida av kommunen knytt saman med kommunesenteret med ny veg gjennom Ålfotdalen til Davik og vidare vestover til Rugsund, og ferja frå Isane til Stårheim gav riksvegsamband nordover. Sambandet sørover mot Florø med tunnel gjennom Magnhildskaret og ferje Haukå-Bjørnset stod ferdig i 1965.

Alt i 1959 hadde Svelgen fått gymnastikkhall og symjebasseng – ein type idrettsanlegg som få lokalsamfunn såg seg råd til å byggje på den tida.

Nedbygging

På 1970-talet tok marknaden for rujern til å svikte. Omn etter omn måtte stengjast, og den siste rujernsomnen ved verket - omn nr. 3 - vart lagt ned i 1982. Arbeidsstokken vart stegvis trappa ned frå vel 500 i 1980 til kring 300 midt på 1990-talet.

Problema var merkbare i heile det einsidige industrisamfunnet, og kring år 2000 budde det færre enn 1.000 personar i Svelgen - dvs. 500 færre enn kring 1970.

Ei stor informasjonstavle ved porten fortel om skade- og sjukdomsstoda ved verket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei stor informasjonstavle ved porten fortel om skade- og sjukdomsstoda ved verket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ulukker ved verket

Ved Bremanger Smelteverk er det særleg to ulukker som har kravd mange menneskeliv: Slaggeksplosjon i omnshus 1929, med seks omkomne, og eksplosjonen i silgrainanlegget 1972, der fem menneske miste livet.

Inn i Elkem-konsernet

Då Christiania Spigerverk vart innlemma i Elkem-konsernet i 1972, fylgde Bremanger Smelteverk med. Det heiter no Elkem ASA, Bremanger Smelteverk. Hovudprodukta er elektrisk kraft, ferrosilisium og silisium-metall.

På kinesiske hender

I 2011 selde Orkla heile Elkem til det kinesiske selskapet China National Bluestar Group Co. for om lag 12 milliardar kroner. Kjøpet omfatta ikkje Elkem Energi AS. Det kinesiske selskapet er eit leiande internasjonalt selskap som produserer delar til produksjon av fornybar energi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2012